... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



fredag 14. august 2009

Eg... ein globetrottar!

Eg har vore på ferie, har snusa inn varm luft i Parga, ein  nydeleg liten "by" i Hellas. Eg har vore på seiltur og rusla i gatene på Paxos og eg har vore på busstur til ...Albania!

Det synes eg er skikkeleg tøft! 

Enno har eg ikkje kome meg heim att. Biletbevisa er det mamma som sit på, eg orka ikkje å dra med meg fotoapparat i år, noko eg skulle angre på underveis, men vere sjeleglad for når me skulle pakke koffertar på veg heim att.

Bilete kjem...

Eg har sakna ellemeller og alle dykk andre.

tirsdag 4. august 2009

Eg er den heldigaste jenta i verda!

Vi har vore i Sverige og der!! fann eg treskoa eg har ynskja meg!


Dei er so søte at eg faktisk hadde dei ståande nedanfor senga første natta...


Og eg har brukt dei kvar dag:)
Til hausten kan eg ta på tjukke strømper og trippe lukkeleg avgarde.


Eg pakka i litt for full fart då eg dro nedover til kjæresten og hadde gløymd kvite sko. Krise! (Ei lita stund...) Den fiksa vi fort, eg fekk kjøpt meg eit par veldig billige plastsko på Nille, men likte ikkje dei grøne banda... vips, ein tur til H&M, kjøpte eit par strikkhårband som eg sydde på. Skoa blei søte dei. Fine hagesko, faktisk:)


mandag 27. juli 2009

Hummar og kanari (-fuglar)

Meir shopping.

Kjæresten er dønn sliten i beina og smilet mitt blir breiare og breiare. Ikkje nok med at eg har lurt han med på butikkrunde i dag (igjen), men eg har òg lurt han til å hjelpe meg med å setje saman bilete. Simsalabim, det var jo ikkje so vanskeleg vel?



Fuglane skal sitje i fugleburet mitt heime. Fram til no har det budd ein gul påskekylling der (som junior har laga på skulen) og eg er ganske sikker på at han vil opp på loftet til påskekameratane sine. (ja, ikkje Junior då, men påskekyllingen..)
Skiltet veit eg ikkje heilt kor eg skal henge enno..


Endeleg fekk eg kjøpt meg ein sånn ein! :)


Dagens supertips!!
Eg har vore på Fretex i Lillestrøm og kjøpt skjorter til 30,- pr stk.
Desse skal eg bruke til lappeduken min.
Det er so lurt at eg burde fått Nobel`s sypris...
...eller noko i den duren.


Eg har nesten ikkje fått sove i helga, har tenkt og tenkt på det stripete stoffet som eg fekk tak i på laurdag. Kva gjer eg? Eg MÅ ha meir av det! Skal eg velge raude eller beige gardiner på spisestua? Valget falt på beige... men eg bestemte meg for å kjøpe meir av det blåstripete. Grillvott, forkle og endå ein duk.. kjekt å ha!!


Spisestuegardiner og ein duk... Trur det blir fint, ja!


Vi har vore på Kid og der sto det eit fyrtårn i utstillingsvindauget.
Det venta berre på meg, det.


*blush*
Endå ein segelbåt fekk bli med meg heim att... makan til den eg har frå før.
Men... det kan godt hende eg skal fikse litt på den... kanskje, muligens.


Heilt tilfeldigvis gjekk vi forbi Hemtex og der hadde dei stripete puter på salg. Eg har mangla 4 sånne til det nye kafèsettet mitt, ....men ikkje no lenger:)

lørdag 25. juli 2009

Stars and stripes

Eg har knappast fått landa før eg dreg fram lommeboka for å ta med meg godkjøp heim att. Eg har ein plan, nemmeleg!



Det blei ikkje so mange stjerner, men striper i metervis fekk eg med meg.
Hansen & Dysvik har salg.


Ei eller anna bloggedame (huskar ikkje namnet, hovudet er i feriemodus) har sydd seg ein lappeduk av koppehåndklede. Det blei so lekkert!
I tillegg skal eg sy eit par stripete puter til tv-sofaen.
På mandag skal eg ta turen innom igjen, trur eg.
Det raudstripa var òg veldig fint.
Kanskje eg rett og slett skal kjøpe meg nye gardiner?
Eg er glad i raudt.
Sånn er det med den saken:)



Eg vil òg ha ein slik duk. den vil kle spisestua mi heilt perfekt!
Takk for tipset, ukjente bloggar.
Når eg kjem heim skal eg kome innom deg og takke på ordentleg vis.
Oppdatering: den mystiske dama har fått eit namn.
Den herlege duken finn du hjå miaslandliv.

fredag 24. juli 2009

Velkommen til min ringe bolig.

Eg står midt i koffertar, klesvask og ferieklargjering av hus.
Kva gjer eg?
Jaaudå, eg finn ut at eg skal måle sjablongane på entrèeveggen.


Eg har aldri gjort dette før og var litt skjelven i knea.


Litt skjelven på handa på l`en... men det kan eg ikkje fikse før målinga tørka.
Det blir etter ferien.


Skrifta er" heimelaga", eg har tatt utgangspunkt i ei eller anna skrift i word og fiksa på litt.
Blei so bra so.

Eigentleg so tenkte eg at eg skulle grunne stuebordet mitt òg...
Hmmm..
Rekk eg det, skal tru?
Det er over ein time til vi skal reise:)

torsdag 23. juli 2009

1-2-1-2- dette er ein test.

Data"geniet" skal prøve seg på noko ho ikkje kan... skal registrere meg på bloggurat og dette er ein test... rett og slett.

Oppdatering:

Hm... korleis i all verden får man lagt til den registreringslinken då?? Eg kan ikkje finne nokon plass å lime den inn.
Æsj, då må eg vente til eg får hjelp av kjæresten... igjen... og so no då, no når eg endeleg har klart meg sjølv heilt åleine lenge...

Oppdatering 2:

"vent litt... " står det.... jaha? Eg har venta lenge, eg... Grrrr...

Oppdatering 3:
Nå har jeg registrert meg på Bloggurat.

Rosa kjole og svin på avveie.

Eg har tatt siste innspurt på syrommet i dag.
Den rosa, nye kjolen frå Spania har blitt nokre cm kortare
(eg ynskjer meg lange leggar til jul).


Fin?
Då jobben var gjort var klokka so mykje at eg kunne ringe legen på sjukehuset.
Kva gjer eg med medisin i ferien?
Immunforsvaret mitt går på sparebluss og med dobbel dose medisin blir det endå verre...
Legen ba meg bruke desinfiseringsgel (heile tida) og munnbind når eg var på plassar med mykje folk. Vi er mest redd for svineinfluensaen.
Men absolutt alt av infeksjonar kan vere skumle for meg, for tida.

Dette gjer at eg blir litt lattermild... og ein super idè ploppa ned i hovudet mitt.
Kva om eg syr meg eit munnbind som match`ar den nye kjolen?
*knis*


Den nyaste moten frå... eh... Paris?...


Slik blir eg då sjåande ut, sånn ca.
Er det nokon som skal ut og reise om eit par veker og ser meg på Gardermoen,
so kom gjerne bort og sei hei!!

(Princess sei at ho nektar å gå ilag med meg... kan ikkje skjøne det!)