Eg har i ei veke leika snekker, målar og hemmeleg agent.
Entrèen vår, som tidlegare var bittelitt utgått på dato, har fått seg eit aldri so lite ansiktsløft.
Eg har vorte litt sjøsjuk av å gå inn der, men no er det heile so mykje betre!

Kvitt, lyst, drivved og gjenbruk... heilt etter mitt hovud.
Speilet kjøpte eg på loppis for ein slikk og ingenting,
det er heimelaga av gips og var spraya gull.
Men det er det jo fort gjort å gjere noko med.


Slik såg det ut i entrèen før, legg spesielt merke til sjøsjuk-golvbelegget.

Trangt om plassen.

Når ein kjøper hus og skal pusse opp so vil ein gjerne gjere alt på ein gong.
Iallefall eg.
Men eg har tålmodig venta på at den store tiltakslysta skulle kome over meg.
Entrèen har vore gjenstand for mykje grubling og kløing i hovudet.
Kjæresten reiste heim att ein tur og DER kom arbeidslysta, gitt.
*S* Eg skal ikkje skulde kjæresten for at den har vore fråveranda tidlegare.

Er ein sydame so brukar ein måleband og ikkje tommestokk...

Og skal ein fuge seint på kvelden og ikkje finn pistolen til patrona, so brukar ein tresleiva... funkar ikkje like godt, men har ein dårleg tid, so har ein...

Litt reklame.
Golvet var eigentleg lett å legge.
Eg har aldri vore med på å legge golv før og var spent på om eg kom ut i vifteform på enden,
men dæsken, eg må vere eit naturtalent!
Det blei heilt beint!

Fint?

Hylla har kome opp, brukte ei hylle eg kjøpte på loppis,
måla den og skrudde på hylleknektar frå Indiska.


Dørene er fjerna og eg har tapetsert i skåpet.
Jepp, dei gule garderobestengene skal skiftas ut!

Døra blei visst kvit òg. Det var eigentleg ikkje heilt etter planen... men..


Blomsterkrukker frå Kid, eg har tatt ut sinkpottene og brukt dei til noko anna.
Dette blei ein fin plass til alle solbrillene våre.
Er eg ikkje flink vel?
Heilt åleine har eg ordna og styra, det siste som står igjen er måling og oppsetjing av lister
(er det ikkje alltid slik?)
og so må eg finne ei krokrekke eller to til jakkene våre
(på veggen under vindauget.)
I går snakka eg med ungane, vi blei einge om at no skulle vi alle vere flinke til å bruke skohylla og eg ville ikkje sjå sko på golvet. Dei har kvar si hylle og det burde vere nok. Resten av skoa skal stå i skåpet, på rette hylle.
Jaudå, alle nikka, eg òg:)
So fekk vi besøk i går.
Junior kom heim, etter å ha vore med ein kompis,
han kjem skrekkslagen inn på stua:
"MAMMA, det står sko på golvet!!"
*knis*
Ha ein fin dag, eg skal ta meg ein velfortent pause på terrassen:)