... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



torsdag 16. juli 2009

Eg, drøymedama!

Er ikkje eg ei drøymedame, so veit ikkje eg!


Dette treet sto litt skummelt til. Rota var havveis ute av jorda og eg har vore redd for at ein haustsstorm skulle ta tak i det. Det hadde då i tilfelle rasa ned over huset.


Eg skal ikkje skryte på meg å ha saga det ned sjølv, der har eg fått goood hjelp!


Nøye berekna landingspunkt. Vi (les:han) traff heilt perfekt.
Eg vil påstå at eg gjorde ein hederleg innsats som inspektør og overvakar.


All denne veden har eg lempa sjølv, eg har rydda kvistar og sveitta meg våt.
Arbeidsantrekket er ei drøymedame verdig; kjole og småsko.
Neste prosjekt er å hogge veden og stable den.

*
Hjelpes so mykje lysare det blei hjå oss!


Sure born, skya himmel og rista brød

Dagen kunne ikkje starta verre. 2 born og ein overnattingsgjest kom opp som 3 tordenskyar i dag "tidleg". Princess hadde visst prøvd seg på "Dronningen av Saba"-hersketeknikken igjen. Den fungerer aldri og eg tek meg i å lure på kor tid ho skal skjøne det:)


Mamma samtaleterapeut måtte stemple inn. Princess og eg har snakka om å like seg sjølv, setje seg inn i andre sin situasjon og om å ikkje la sinne ta over.
Dei to minste tek det heilt roleg og trekkjer seg vekk, dei står på rollerblades på terrassen no, medan Princess held på å ta seg inn att.
Ho er flink sånn. Har lært mykje.



Det er ikkje lett å vere 12 og kome godt inn i puberteten. Følelsane svingar fortare enn Petter Solberg rekk å gire og ikkje er dei lette å styre heller.
Princess veit at til sintare ho blir til meir stressa blir kroppen og slaggstoff hopar seg opp.
Dette gjer seg ofte utslag i kviser.
Kviser er ikkje so kult.

***

Neiognei, so herleg. Akkurat no skin sola på himmelen, Princess har fått ete litt og smiler til meg. Ho har fått tenkt seg om og dei vonde tankane er borte.
Princess er flink, ho blir flinkare og flinkare til å kanalisere følelsane.
Eg er stolt.
Stolt av borna mine.

onsdag 15. juli 2009

Prosjektet er fotograferbart

Eg har i ei veke leika snekker, målar og hemmeleg agent.
Entrèen vår, som tidlegare var bittelitt utgått på dato, har fått seg eit aldri so lite ansiktsløft.
Eg har vorte litt sjøsjuk av å gå inn der, men no er det heile so mykje betre!


Kvitt, lyst, drivved og gjenbruk... heilt etter mitt hovud.
Speilet kjøpte eg på loppis for ein slikk og ingenting,
det er heimelaga av gips og var spraya gull.
Men det er det jo fort gjort å gjere noko med.




Slik såg det ut i entrèen før, legg spesielt merke til sjøsjuk-golvbelegget.


Trangt om plassen.


Når ein kjøper hus og skal pusse opp so vil ein gjerne gjere alt på ein gong.
Iallefall eg.
Men eg har tålmodig venta på at den store tiltakslysta skulle kome over meg.
Entrèen har vore gjenstand for mykje grubling og kløing i hovudet.
Kjæresten reiste heim att ein tur og DER kom arbeidslysta, gitt.
*S* Eg skal ikkje skulde kjæresten for at den har vore fråveranda tidlegare.


Er ein sydame so brukar ein måleband og ikkje tommestokk...


Og skal ein fuge seint på kvelden og ikkje finn pistolen til patrona, so brukar ein tresleiva... funkar ikkje like godt, men har ein dårleg tid, so har ein...


Litt reklame.
Golvet var eigentleg lett å legge.
Eg har aldri vore med på å legge golv før og var spent på om eg kom ut i vifteform på enden,
men dæsken, eg må vere eit naturtalent!
Det blei heilt beint!


Fint?


Hylla har kome opp, brukte ei hylle eg kjøpte på loppis,
måla den og skrudde på hylleknektar frå Indiska.



Dørene er fjerna og eg har tapetsert i skåpet.
Jepp, dei gule garderobestengene skal skiftas ut!


Døra blei visst kvit òg. Det var eigentleg ikkje heilt etter planen... men..



Blomsterkrukker frå Kid, eg har tatt ut sinkpottene og brukt dei til noko anna.
Dette blei ein fin plass til alle solbrillene våre.

Er eg ikkje flink vel?
Heilt åleine har eg ordna og styra, det siste som står igjen er måling og oppsetjing av lister
(er det ikkje alltid slik?)
og so må eg finne ei krokrekke eller to til jakkene våre
(på veggen under vindauget.)

I går snakka eg med ungane, vi blei einge om at no skulle vi alle vere flinke til å bruke skohylla og eg ville ikkje sjå sko på golvet. Dei har kvar si hylle og det burde vere nok. Resten av skoa skal stå i skåpet, på rette hylle.
Jaudå, alle nikka, eg òg:)

So fekk vi besøk i går.
Junior kom heim, etter å ha vore med ein kompis,
han kjem skrekkslagen inn på stua:
"MAMMA, det står sko på golvet!!"
*knis*

Ha ein fin dag, eg skal ta meg ein velfortent pause på terrassen:)

tirsdag 14. juli 2009

Smugtitt på prosjektet

Eg har vore litt hemmeleg agent siste veka.
Kjæresten sit uten nett langt inne i skogen og kan ikkje følge med på kva eg held på med.
Han blir nok overraska når han ser kor flink eg er!

My name is Meller...
...Elle Meller.


Eg målar. Eg sølar. Eg kosar meg.




Skal tru kva dette skal bli?
Biletserie kjem snart.... plutseleg.

mandag 13. juli 2009

Kreativitet på terrassen

I dag har eg vore på sjukehuset og fått svart energi i poseform,
rett i blodet.
Det trengs.
Hovudet og kroppen treng påfyll av både det eine og det andre.



Når det er finevèrsdagar so må ein nytte dei.
Eg har store planar om å lage meg ein uro av skjell til å henge utanfor døra mi.


Eg fann fram skjella mine, bora hòl og tredde på hyssing, det blei faktisk litt fint, also:)




To perlemorskjel som eg kjøpte i Spania.





Eigentleg er eg frykteleg opptatt med å fikse på det hemmelege prosjektet mitt,
men litt kos må ein unne seg innimellom.

søndag 12. juli 2009

Det er ikkje so lett

å blogge i fargar når hjartet er grått...

Men...
I morgon skin nok sola igjen, og med den kjem sikkert fargane.

lørdag 11. juli 2009

Svarte svingande!

Kjæresten er heime, eg er her. Plena treng klipp, kva gjer eg?


Eg har aldri tatt i ein plenklippar før, aldri, ikkje i hele mitt liv.
Då eg var yngre so var det mellomste som måtte ta den jobben,
eg hadde sikkert andre, like kjedelege, oppgåver.


Men no var turen min komen, kjæresten viste meg startknappen og skøyteledninga før han fòr. Jadda, tenkte eg. Dette skal gå so bra so!
Svarte svingande, so tungt det var!
Eg skal aldri meir kritisere "helligdagar" på plena mi!
Eg lovar!

Herlighet, sjekk plena da... den ser ut som ein skabbete rev....
Ein grøn ein.