... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



torsdag 21. januar 2010

Jesus på flyttefot

Ting flyttar seg.
Heile tida.
Jesus er òg på flyttefot, i dag bur han i tv-kroken,
saman med skrivemaskina til Bestefar.


Fotolyset er ikkje det beste i dag, ser eg...


Dette pleddet har eg fått av Besta. Historia bak det er fin.
Ho fekk polio då ho var 19 år og blei lam i ein fot.
Ho hamna etterkvart i Danmark for behandling
og budde der fleire månader,
langt vekk frå borna sine.
På vevstova trengde dei hjelp til å fikse veven,
der vart knutar og uønska krusedullar i det fine arbeidet.
Besta trådde til.
Ho er ein racer på tolmodsarbeid og vikla opp og tredde på nytt,
slik at arbeidet atter ein gong kunne seljast i perfekt stand.
Som "løn" for dette arbeidet fekk ho med seg eit ullteppe heim att,
noko av det har ho vevd sjølv (kanskje til og med heile)
og noko kan det vere andre som har bidratt med.

Dette teppet har eg fått.
Det er av finaste tynne ullkvalitet.
Eg har lyst å lage noko av det, men veit ikkje kva.
Inntil vidare ligg det over ryggen på nysofaen og berre tek seg ut.



Eit lite hjartesukk;
Dei fire siste innlegga mine har ikkje kome opp på bloggrollen
før det har gått eit halvt døger.
Det er faktisk ganske irriterande!
Eg veit jo sjølv korleis det ser ut både på soverommet og elles i huset,
det er ikkje for min eigen del eg tek bilete og bloggar.
Eg gjer jo det for å vise fram kva eg lagar og korleis eg har det,
for å få tilbakemeldingar og for å kommunisere med andre der ute...
Argh!
Noko av gleda blir borte når eg ser at innlegga mine "kjem vekk".

Det er ikkje sunt å vere sint,
men eg har kjent på følelsen nokre dagar no:)

9 kommentarer:

  1. Så lekkert teppe..... Og spesielt skjønt når det følger en god historie med;o)
    Jesus bilde.... Tja hva skal en si om Jesus, han egner seg vel best som affeksjonsverdi;o)) Ber på forhånd om unnskylding for de tærene jeg tråkket på nå;o))

    Skråtaket kan du bare komme å hente, jeg skal personlig laste det opp på sykkelen din sammen med 10 cm snø;o)))
    Klem
    Linda;O)))

    SvarSlett
  2. Hehehe, syns jeg ser han, på tvers bakpå;o))) Svinebundet;o)))
    See u;o)

    SvarSlett
  3. Hei! Jesus har nok ikkje noko imot å bli flytta på? ;) Kanskje han tvert imot synes det er fint å få sjå huset ditt frå ulike synsvinklar. Teppet var flott, og når ein har ei slik god forhistorie, blir det endå finare! Angåande innlegga, så hadde eg også trøbbel for nokre veker sidan. Men no poppar dei opp før eg rekk å lese korrektur... Anar ikkje kva som gjer dette, for det er ikkje alle som har trøbbel. Men har lest om fleire som har det! Får håpe det ordnar seg; for som du seier: ein har no lyst det skal bli publisert!

    Ha ein fin torsdag!
    Klem Elin :)

    SvarSlett
  4. ;o))) Vet det finns guttealver, men jeg hadde såååååå lyst til å lage trollbukse;o)) Den var ferdig i hode leeeenge før den var ferdig;o))
    Til min OG hans unnskyldning, så visste han ikke helt hva en alv var, så jeg bare oppklarte det, i min favør;o))

    SvarSlett
  5. Ja, du har vært litt rar i bloggrollen min i det siste ja! Men jeg ser jo innom deg allikevel jeg vettu! ;)
    Puh, det pleddet der er jo verdt si vekt i GULL jo, så fantastisk!! <3

    SvarSlett
  6. Så kjekt å eiga eit slikt pledd med. Fint var det også. Ha ein god kveld.

    SvarSlett
  7. Har du hjerte til å lage noe av teppet med den fine historien da? Jeg synes det var superfint der det hang og bare tok seg ut! Og den gamle skrivemaskinen var RÅ fin også!!Kan du skrive med den også eller er det bare pynt??

    SvarSlett
  8. kor koselig at du deler litt av din historie med din bestemor.
    Koselig å slike minner også :)
    og JESUS er jo med -- overalt ;O)
    Torsdagsklemma

    SvarSlett
  9. Nydelig teppe du har arvet.
    Hihi,Jesus på flyttefot.
    Ha ei fin helg

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)