... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



fredag 15. januar 2010

Ein liten bit av kjøkkenet vårt

Det er stille i huset, alle er ute og eg har tid for meg sjølv.
Det er godt.
Eg kan tusle litt rundt og flytte på ting, tenne lys og berre kose meg.
Eg likar å ha det heilt stilt, då høyrer eg tankane mine mykje betre;)


Kråskåpet har eg måla og satt inn hønsenetting i døra.
Liftgardina har eg sydd.
Bord og stolar har eg samla inn litt her og der og måla.
Det einaste som gjenstår er å få gjort noko med veggane.
Lotto-gevinst blir motteke med glede!


Taklampa er ei messinglysestakelampe som eg har sinkspraya
og hengt på lysmansjettar som "funklar" i sollyset.


Ved dette kjøkkenbordet et ungane frukost, gjer lekser
og andre kreative aktivitetar.
Bordet er rundt og har ileggsplater.
Dei brukar vi berre når vi har selskap.


Eg likar å ha duk på bordet, det er ikkje særleg praktisk.
Ungane rotar og eg må vaske.
Men koseleg er det.. med duk.
Akkurat denne duken, som du ikkje kan sjå på biletet,
kjøpte eg i Parga hjå ein gamal mann som prøvde å lure meg med at den var handvevd..
Hah! Lurer ikkje ei sydame;)
Men den er nydeleg likevel
og ein annan dag skal eg vise den fram på skikkeleg vis.


I dag skal eg
sy ferdig sengehimmelen
og krysse fingrar
for at det kjem mildvèr slik at eg får spraya sjølve buen.
Dette skal eg sjølvsagt ikkje gjer samtidig.
Men eg MÅ ha ferdig sengehimmelen til søndag!

10 kommentarer:

  1. Så fin krystallkrone du har! Kjempekoselig med levende lys! :)

    SvarSlett
  2. Så koselig det var på kjøkkenet ditt. He he, jeg liker også å ha det stille, for å høre tankene mine. Når barna kommer hjem fra skolen er det ikke akkurat musestille her nei. Stilig det du hadde gjort med lampen, det hadde jeg virkelig sansen for ;)

    Ps. Jeg måtte jo bare kommentere innlegget under også ;)

    SvarSlett
  3. Takk for koselig innblikk i din verden her i bloggen.
    Sender en liten klem i fredagsnatten jeg.

    Klem fra lykkeliten

    P.S. har fått mail fra deg, svar kommer ...

    SvarSlett
  4. Hei:-)

    Jeg la ut bilde på bloggen min av stua di slik at bloggerne skulle få se hvor flott sofaen har fått det:-))

    SvarSlett
  5. Hei:)Lyskrona over bordet vart steikje fine:) :)
    Å steikje fine gardine:)
    Seier du det altså...Hmmm..då må eg følge godt med!
    Ønsker deg ei god helg:)
    Klem frå Astrid:)

    SvarSlett
  6. Fine og koselege bilder ein fredagskveld! Dette med duk er ei vanesak. Vi har alltid duk på kjøkkenbordet, men det er lov å skubbe han bort ved lekselesing, og eting. Han er alltid krølla, og ikkje slett i det heile tatt, men det får vere OK!

    Ha ein fin fredagskveld! Klem frå Elin :)

    SvarSlett
  7. Veldig koselig og kreativ blogg du har.Jeg la meg til som følger.Det er vel greit.Du er velkommen inn til min blogg også.
    Ønsker deg en fin helg

    SvarSlett
  8. så fine bilder. Jeg har også veldig lyst å få kjøpt en lysekrone og "pusse opp" ;) din var jo til skikkelig inspirasjon. Og så fin liftgardin du har sydd. Flink er du! :)

    Duk er alltid her på bordet også, og den må stadig skiftes ettersom det raskt blir flekker. Men det er det verdt ;)

    :) Ann K

    SvarSlett
  9. Så delikat og pent du har det.

    SvarSlett
  10. Koselig du har det....så spennende med repotasje i avisen da...Lykke til, håper du deler bildene med oss? Kos kveld til deg fra Maliva

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)