Eg elskar lappeteppe og eg elskar å sy.
Men eg likar ikkje å sy lappeteppe.
Dette hindrar meg ikkje å ville kjøpe nye lappestoff til stadigheit.
Kjæresten kremtar lite diskret på sidalinja kvar gong
eg tek fram eit lekkert stoff
og utbryt:
-"Naaw, sjå dette lekre stoffet då,
det hadde blitt perfekt saman med dei andre, i den korga, du veit..."
-*kremte lite diskret*

Ein dag for ei tid tilbake hadde kjæresten og eg
ein oppheita diskusjon
og han blei skikkeleg sur.
Sånn trampe-hardt-sur.
Han trampa seg opp på loftet for å hente noko
og eg trampa meg ut på kjøkkenet for å opne vindauget
og å hyle høgt.
Medan eg fikla med vindaugshaspa høyrde eg eit
KADUM-DUM-DUM-DUNK!

Eg sprang ut i trappa og der fann eg han,
som ein fint samanbretta Z,
innunder kåpene mine.
Han ynka seg og hadde det heilt tydeleg vondt.
Gløymd var den teite diskusjonen vår
og eg bekymra meg for korleis det gjekk med han.
Han fekk vikla seg ut og stavra seg på beina igjen,
nesten like heil.

Kva hadde eigentleg skjedd?
Jau:
Han slo hovudet i lampa med det same han kom opp (kryploft)
og knust lampeglaset
og for å vere heilt sikker på at det skulle bli komplett
so hadde han fått straum i same slengen.
I hovudet.
I forfjamselsen hadde han snudd seg for å sjå kva som hadde skjedd,
og der...
plasserte han hovudet elegant opp i straumen èin gong til!
BZZZT!
Sa det.

Dette var so ubehageleg at han måtte ta eit steg bak....
og der var der ikkje meir golv, men ei påbegynnande trapp.
Dermed mista han balansen
og gjekk på hovudet ned trappa og landa i veggen,
under kåpene mine, oppå og innimellom alle lappeteppa mine.
og der var der ikkje meir golv, men ei påbegynnande trapp.
Dermed mista han balansen
og gjekk på hovudet ned trappa og landa i veggen,
under kåpene mine, oppå og innimellom alle lappeteppa mine.
Som ein Z.
Eg må innrømme at eg hadde litt vanskeleg for å halde meg alvorleg...
Men slikt sei ein då ikkje høgt,
han kunne fakstisk ha skada seg alvorleg!
Men....
Neste gong han kremtar lite diskret fordi eg stryk på fine lappestoff
skal eg minne han på kva som redda han den dagen han var
trampe-hardt-sur.