... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



fredag 29. oktober 2010

Eg likar deg-kjolen


Eg likar deg
Du likar meg
Skal vi vere vener ?



Kjolen, som eg har hatt lyst å sy i mange år, er endeleg ferdig.
På framdelen har eg sydd på to lappar der det står:

Eg likar deg
Du likar meg


Du likar meg

Blondeunderskjørtet er eit
Bik Bok-skjørt eg aldri har brukt.

Eg blir veldig inspirert av Lille Gitte og Barbro
og har lært å tenke nytt...
(gler meg til utstillinga til Lille Gitte i morgon!)



På baksida står det:

Skal vi vere vener...
med digert spørsmålsteikn.


Ullappane er fastsydd med ujamne saumar og maljer.
Det grå stoffet under er frå
ein duk eg fekk etter eit bryllaup for nokre år sidan.




Eg og du

No er eg klar til å reise til Island
saman med vener og kjæresten.

-Plutseleg tilbake om eit par veker.


torsdag 28. oktober 2010

Islenderkjole under arbeid

Hektisk veke.
Eg reiser til Oslo i morgon, Island på måndag
og har hatt hovudet fullt av planlegging.
Ungane skal bu i kvar sin heim
og eg har skrive utførleg bruksanvisning på begge to.

Det er ikkje berre-berre å halde styr på aktivitetar på to stk.


Eg er nesten ferdig med Islenderkjolen.
Redesign på høgt plan.

Ein diiiger islender frå 80-talet, eit skjørt frå Bik Bok som er for stort,
dekorasjonsstoff frå eit bryllup og restane etter ei ullkåpe.
Kanskje òg eit par pulsvantar som avslutning på ermane,
vi får sjå i løpet av dagen.


Det har vore ein lang prosess, med mykje planlegging.
Det er godt å snart vere i havn.


Kanskje rekk eg å legge ut bilete av kjolen,
på levande modell i morgon,
før eg reiser.


mandag 25. oktober 2010

"Du likar deg no?"

-"når du får sjefe over mor di?"
Sa mamma i helga.

Vi har lagt parkett saman,
ho og eg.




Eg ga meg ut for å vere erfaren,
det kan då vel ikkje vere sooo vanskeleg, vel?



Og det var det faktisk ikkje, vi heiv oss på med godt mot.
Skumma over bruksanvisninga og fann fram stikksaga.
Vi brukte riktignok to korte dagar på å bli ferdige,
men resultatet blei heilt perfekt.
Eg burde legge ut bilete for å vise
dei fantastisk nøyaktig utskjerte spora
eg laga til garderobehyllene, berre for å skryte... ;)


Neglane flisa seg i takt med beundringa av oss sjølve,
og eg toppa det heile med å skifte om til vinterdekk på laurdag.
No sit eg her,
utan neglar (nesten, iallefall)
og har arbeidsnevar ein gartnar verdig.
Og stolt,
veldig stolt!


Søndagen har gått til planelegging av julegåver
og ymse syprosjekt.
Det er godt å få det ned på papiret,
det lettar liksom litt på trykkokaren som ligg rett over øyrene.

Julegåveplanlegging er noko av det koselegaste eg veit.
Snø ute, fyr på peisen
og harmoni i heimen.


Fin måndag,
venninnebesøk,
kostymesying
og kos.

onsdag 20. oktober 2010

Vi har rota rundt på stabburet


..og der sto dei finaste skattane!


Kjæresten vil selje 10 slike sprossevindu.
9 av dei har heile ruter og eitt (sjå bilete) manglar ei rute.
Send meg gjerne ein mail om du er interessert.



Eg har fått fleire slike, nokre står i garasjen,
dei skal bli til noko fint til våren.

Eitt av dei har eg hengt opp over sofaen...


Eitt heng i gangen, i sommar var det maritimt pynta.

Det er ikkje mykje som minner om sommarstemning på Møre i dag,
det er kvite plener og litt småkaldt.
Det er mest so eg får julestemning,
litt koseleg!

Fin dag å vere inne på:)

mandag 18. oktober 2010

Potte og vaskeskåp

Eg kjenner presset.
Juleproduksjonspresset i blogglandia:)
Vanlegvis er eg godt i gong med julegåvene i oktober,
i år likeså.

Etter å ha surfa litt rundt siste dagane
skjønar eg at eg må hive meg i gong med
julestrømpesying og anna julesying.



Men...
Aller først vil eg vise fram ein vaskekommode
eg har vore so heldig å få.
(Synes potta er ekstra fin òg)


Saks til å klippe sauane med.


Nyinnkjøpt kors,
det må vere lov å kjøpe litt sjølv om ein har innkjøpsstopp?


Lestane har eg fått av lillebror.


Skåpet står i gangen, berre til pynt.




torsdag 14. oktober 2010

Lure idèar på lur

Tidlegare i haust hjalp eg ei venninne med å trekke opp att spisestovestolane.
Skinnet som blei til overs hadde eg lyst til å bruke til noko lurt...



Det er ikkje alltid at den lure idèen dukkar opp med ein gong,
men... plutseleg er den der.
I går kveld følte eg meg lur igjen;)



Nokon som ser kva det skal bli?

Spisebrikker og bordskånarar.
Det blir fint på den lyse spisestova mi, trur eg.


Eg er i tenkeboksen for tida,
har lyst til å skape meir.
Til meg sjølv og til andre.

Ein idè, ein lur ein, lurer litt i bakhovudet.
Eg må berre lokke den fram.



onsdag 13. oktober 2010

Om å ligge til lading...

Eg har vore på haustferie hjå kjæresten.
Han har eit hus som ligg langt frå folk,
midt inne i skogen
(den skogen eg var på vandring i, saman med ulven).



Der har vi ikkje straum
ikkje innlagt vatn
ikkje mobildekning
ikkje tv
og ikkje pc.


Vi vaknar til total stillheit, utan å vite kva klokka er.
Den er ikkje viktig, tida, inne i skogen.
Ikkje skal vi rekke noko
og ikkje har vi avtalar eller plikter som stressar oss.



Når kvelden kjem snikande går vi ut på trappa
og kikkar på stjernehimmelen.
Det er som å stå midt i verdsrommet,
beksvart med ei ubegripeleg mengde små lys.

Det er overveldande!


Haustferien har vore total avslapning for meg,
kjæresten har laga mat og vaska opp.
Eg har lest, hekla pulsvantar og berre kost meg.

Tenk om vi alle kunne ta slike pustepauser frå kvardagen ...
Vi treng å legge oss til lading iblant:)