... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



lørdag 14. mai 2011

Rammelim-power

Eg kosar meg i prosessen.
Det går seint, men framover.


Og det er fortsatt eit eksperiment.

Eg har klipt ut ordet POWER frå ei avis,
og hadde tenkt å bruke bokstavane slik dei er.


I eit lyst augeblikk kom eg på at eg kan setje E`en oppned
og la R`en vere slik den er
og muligens la P`en få seg ei oppussing...

Dette, saman med biletet eg har vist tidlegare,
skal bu på ein kjole eg har i tankane.

Kanskje i følge med nokre perler.


onsdag 11. mai 2011

Vi gjer ting eg ikkje kan

Det å ha ein stor hage
og ikkje vere veldig flink med hagearbeid
er ingen god kombinasjon.


I dag har vi røska opp trillebårlass med kaprifol
og anna rask eg ikkje skal ha rundt inngongspartiet mitt.
Eg har formklipt (!!??!!) to furu,
det vart ganske stilig!

(rullesteinar og flytesteinar i skjønn forening)

Venninna mi har kome med ein del plantar
som eg har sett ned i det nye bedet.


Eg har plukka med meg ein stein her og ein stein der
og til saman dekte det berre ca 1/2 kvm.
Eg skjønar at eg må til med hardare skyts.
Stein er so fint og eg har planar om å dekke store delar
av bed og hage med sorten, helst runde.

Rhododendron skal eg òg ha,
minst 50!
Trur eg:)

***

Til slutt, ei lita saksopplysning:
eg har vassa i sjøen i dag!!
Brrr....


mandag 9. mai 2011

Gubben og gamla...

lå og dro...






Vi har starta planlegging av hage, sånn på alvor.
I dag har vi ( les: desse to karane) fjerna ei diiiger rot på toppen av tomta.
Det vart litt spekulering, som de kan sjå;)


Kjæresten er optimist og trur han kan flytte rota med åndeleg kraft.




Etter litt fram og tilbake med traktoren so ga rota opp.
Det var godt å få den fjerna.

Eg har tidlegare i kveld sykla ut på hagevandring hjå ei venninne.
Der lærde eg ein del om kva eg skal ha og ikkje ha i hagen min.
Ho har lova å vere avleggar-butikken min
og allereie i morgon kjem hortensia i hus...
eller utenomhus.

Det er ho eg må spørre om råd framover.
Ho er rhododendron-ekspert,
eg er bra heldig som har slike venninner!



Og so har eg mista bloggrollen min!
Nokon andre som har same problemet?
Er det noko eg kan gjere?
*hyl*



søndag 8. mai 2011

Rammelim-prosjekt nr 1

Etter å ha vore inspirert av Lille Gitte i "ein evighet"
har eg endeleg tort å prøve meg på rammelim-teknikken.
Det er lenge sidan eg bestilte limet
og det har stått der på syrommet
og geipa til meg i lengre tid.




Bilete har eg funne i Magasinet.

Og
Dette er berre ein prøve.

Men jammen er det morosamt!
No gjenstår det å sjå kva eg skal finne på av sprell
for å sprite opp det heile.




lørdag 7. mai 2011

Marknad

Pjuh!

Det har vore ein lang og kjekk dag.
Mykje folk og veldig bra stemning på marknaden.




Kvite lin-hjarte med tekst.


Lavendel-posar med blondar.



Lavendelhjarte med blondebrikker og ei perle eller ti.



Dei sydde armbanda la eg på eit etasjefat,
saman med gamle lestar.



Pulsvantar i alpakkaull.

Dette var so kjekt at eg har bestemt meg for å vere med på messe til hausten,
kanskje til og med to.

No skal kvelden nytast,
med eit klapp på skuldra
etterfulgt av ein god film.
Saman med kjæresten.


fredag 6. mai 2011

Siste krampetrekning


-Siste dagen før marknaden,
einaste arbeidet som står att er å skrive prislappar og planlegge standen.



Det var ynskje om eit lilla armband.


Då sydde eg likesogodt to.



Papirposane mine.
Då er det berre å håpe at eg får bruk for dei:)


...Plutseleg tilbake etter marknaden.

torsdag 5. mai 2011

On the top of the world

Armbandet "tryggleik" blei til i går kveld,
etter at eg hadde bestemt meg for at produksjonen var ferdig.
Stoffet berre låg der
og skreik om å få bli omgjort til noko anna enn lagervare.



Råsilke, steinar, eit anheng i glas (kjøpt i Hellas)
og nokre glitreperler.


På baksida har eg brodert "tryggleik"



Dette gullbrune likar eg òg veldig godt.
I min iver har eg fotografert det opp-ned, ser eg:)

Det heiter "grip dagen"

Det er berre to dagar til marknaden og eg er sånn ca i rute.
Hipp-hipp!