... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



mandag 11. januar 2010

Postman Pat og eit par strikkepinnar

For ei tid tilbake vann eg ein konkurranse hjå Lindas skattekammer.
I helga kom Postman Pat med den herlege pakken,
eg er vel heldig!!
Tuusen hjarteleg takk, Linda!


Nydeleg blått ullgarn, oppskrift på tova hjartegrytelappar,
sydd hjarte og ei søt fyrstikkeske.
Det klør i strikkepinnane mine
og eg gler meg til å prøve meg på slike grytelappar,
eg synes dei er so fine.


Fyrstikkeska ligg no på skjenken, saman med salmeboka og kvite lys.


Det er verkeleg vakkert.
Små stilleben, lyse sarte fargar og litt forandring i heimen.

I dag har vi rydda på plass, flytta bort, hit, dit, fram og tilbake...
Eg måtte flire litt medan vi holdt på å prøve å få det raude teppet under rokokko-sofaen igjen. Det har flytta fram om tilbake nokre gongar og for nokre veker sidan bestemte eg meg for at det ikkje kunne ligge der.
I dag ombestemte eg meg.
Igjen.

I går sa eg stolt til kjæresten: " men ...sjølv om eg, tidlegare, ikkje heilt har klart å bestemme meg for kva sofa eg ville ha, so driv eg iallefall ikkje å ommøblerer so ofte!"
Kjæresten: "øøhh..."
I dag skjønar eg kvifor han laga litt rare lydar.
Eg tek den.
Litt treg i oppfattelsen kanskje.
Men...

Gjer eg noko anna enn å ommøblere då?
Nei, faktisk ikkje;)



søndag 10. januar 2010

oooh, lukke!!

Vi dro til Averøy i går. 7 timars reise.
Biletet på Finn viste draumesofaen, men vi kunne ikkje vere sikre.


Vi kom inn i ein fantastisk flott og lekker heim,
eg var himmelfallen og trur faktisk at eg var mållaus...
ei bittelita stund.

Duken er det Besta-kjære som har strikka.

Eg brukte nøyaktig 3.2 sekund på å bestemme meg for at sofaen var ein like stor draum
IN REAL LIFE
som på bilete.
Perfekt farge, form og størrelse!


Titt-titt...
Her skulle det skruast ja..

Eg har ommøblert heile kvelden, fram og tilbake med teppe, bord, skåp og stolar.
Kjæresten har vore ein engel og gjort "skitarbeidet".
Han har skrudd, bært vekk, støvsugd og køyrd vekk det vi ikkje har hatt plass til.


No har eg kome fram til at vi skal krysse fingrane
for at dama frå Averøy skal få lyst til å selge stolane som høyrer til òg...
Høyrer du Vigdis?? :)


Dagsenga som eg kjøpte i sommar har havna i venninnekroken til Princess,
den rammemadrassen som stod der har flytta bort til Mellomste-søs.

Denne sofaen er den 4. i løpet av 1.5 år, men no skal eg slå meg til ro med denne.
Eg lovar!
Eg har lovd kjæresten at eg skal vere nøgd minst til tysdag!
Det skal eg klare å halde:)


Fin? Jah! Den er faktisk heilt perfekt!!

fredag 8. januar 2010

"Her er det fullt"... både inne og ute.



Sløøvedagen!


Eg har gjort ingenting i dag, herlighet kor deilig det kan vere!
Av og til.
Vi har sett ein film, vaska klede og ete middag, that`s it!
No høyrer/ser eg på Lenny Kravitz live på dvd
og det rykker i dansefoten, den mannen er fantastisk!


Vi fyrer i ovnen, slik som resten av Noreg, og nyt late dagar,
men hovudet mitt jobbar litt med sengehimmelen
og stoffet ligg framme på syrommet.
Eg tittar innom av og til, for å sjå om alt stemmer.
Inspirasjonen ligg litt på lur...
Av og til gjer den det.
Men eg er god på "gøyme og leite" og finn den alltid att:)
Det skal bli mellomverk, blondar og to typar stoff.

Det einaste som manglar på soverommet etterkvart
blir blondemamelukk til kjæresten;)

Sjå den søte boksen eg fekk av ei venninne til jul!!




Innbilt kafèkunde på terassen vår: "Vi skulle hatt eit bord til to"
Kjæresten: " Dessverre, her er det fullt"

*knegg*

Sjubbiduu...
Kontoen er skrapa.
Kva gjer eg?
Jaaudå, eg snokar på Finn.
Kva finn eg på Finn?
...ny sofa...
IGJEN!

Junior: "Mamma... kor skal du gjer av alle sofaene du kjøper?"
Mamma`n: "Eg har ein plan..."


torsdag 7. januar 2010

Kulda møter ulljakke..snart.

Det er sprengkaldt, her og ellers i landet.
Eg vakna til 18 grader i huset og frost på vindauga.


Eg har mest lyst til å legge meg under dyna og sove til det blir vår.
Eg kan rett og slett ikkje fordra vinter og kaldt.
Vi på nordvestlandet er faktisk ikkje van med kuldegrader i denne skalaen.

Folket i nord flirar av oss pinglene,
værsågod nordlendingar
det er ei gratis gåve frå oss "søringa".
Flir høgt og mykje, med utepilsa i handa,
noko må de jo halde dykk varme på;)




Til alt overmål so har ei venninne lurt meg med på gåtur i dag!
Vi skal skrive revysong.
18 kalde og frk Ellemeller...
Dårleg kombinasjon.
Men eg hiv på meg termoskjørtet (ein er då fortsatt dame)
og ei jakke og satsar på at eg ikkje frys ihjel.

Den raude jakka er ikkje ferdig sydd enno,
det manglar band og anna greier på nederkantane.
Det er so artig å ha fått bestillingar på jakkene mine,
no kan eg tenke på at snart ruslar det damer rundt om i landet
med mitt design på kroppen!
(ingen av jakkene blir like)

Tusen takk for hjartevarme kommentarar på forrige innlegget.
Eg syslar med tanken om å selge frå bloggen min:)

tirsdag 5. januar 2010

Småkrise i heimen!

Fattigmann-Lusefrans og spinkespareSara!
Det er meg, i starten på 2010.


Det blir tøffe månader framover.
Eg kan risikere å gå utan løn i 4 månader.
Det kler ikkje alle planane mine so godt....
Eg må ta til takke med småprosjekt fram til ca påske.

Denne puffen skal få nytt trekk
og kanskje ein fin tekst på framsida.
(Sjablongmaterialer har eg liggande)



Eg har fått ein avleggar med lillesøster-LilleLavendel,
denne skal bli mange fine hengeplanter i vindauga mine utover våren.


Mellomste-søster jobbar som platearbeidar
og er ein kløppar på slike sveise- og stålarbeid som eg ikkje skjønar eit fnugg av...
før jul spurde eg henne om ho kunne "ta ein pinne" og lage ein sengehimmel til meg.
Svisj, so var pinnen ferdigvalsa og eg fekk den i julegåve:)
Den skal opp om ikkje so lenge,
eg skal berre sy blonde-rysje-stysje-gardin først
(til kjæresten sin store fortviling)


Når sengehimmelen er på plass blir det lekkert å legge på det hekla sengeteppet,
som eg har blitt veldig glad i!



...vi må leve på luft og kjærleik.

Eg ser ikkje svart på det, sjølv om løna mi er redusert til 1/3.
Vi skal klare det på eit vis,
og denne tida skal eg bruke på å planlegge alt eg skal få utført til våren.

Eg har kilometervis med tekstilar på syrommet, so eg blir nok ikkje arbeidsledig:)

lørdag 2. januar 2010

Kaffe i snøen


Ekstremsport, spør du meg... drikke kaffe i -10 grader.
Sjokoladen er heimelaga og inneheld tørka tranebær og chili,
veldig god!

Eg var ein liten snartur innom bloggen til Emmeline i dag,
ho viser fram sommarkolleksjonen til GG.
Det minte meg på at vi skal sleppe å slite oss fram i meterhøg snø resten av året.
Eg fekk rett og slett lyst til å ta fram sommarkleda mine.
Dei kvite kjolane, sandalane og dei kule solbrillene.
Ein skal ikkje vente for lenge med det,
det er lurt å vere budd!

Det minner meg om at bikinien må byttast ut
og det kan verke som turkis er ein farge ein kan satse på i år:)



fredag 1. januar 2010

Fantastiske dagen!

Vi har hatt ein perfekt start på året!


Vèret har vore nydeleg
og vi heiv oss i bilen for å få med siste minutta med sol,
på andre sida av fjorden.


Vi er ikkje van med so mykje snø,
og eg må innrømme at det er vakkert...
sjølv om eg helst ser at vi har sommar heile året:)


På kveldinga har eg gått tur med to venninner,
frisk luft, fin samtale og god trim.
Måtte året fortsette sånn!