... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



tirsdag 16. juni 2009

Harley-Davidson
Nærare himmelen kjem ein ikkje!


Fat Bob, matt svart lakk, V-twinmotor og krom...
eg sat på ein sånn i dag og kjende det rykte i høgrehanda...


Eg trur vi må ha oss ein sånn ein, helst ein kvar:)


Den er ikkje so verst denne heller da...
heilsvart, litt sånn superkvinne-sykkel.


Hadde ikkje takka nei til denne sølvfarga,
om eg fekk den,
men eg hadde muligens bytta den i ein svart Fat Bob.
Oh Lykke!


Eg skjønar eigentleg ikkje heilt kva som har skjedd med meg, men eg er i ferd med å utvikle grøne fingrar... eller, rettare sagt, eg er i ferd med å fatte interesse for hagens og plantenes mystikk. Vi har vore på Moa i dag og handla... blomar, korger og saker...


Har ein små hender, må ein kjøpe barnehanskar.
Desse var vel frykteleg søte?
Kaniner og fine fargar!


Vi måtte ha kvar si korg, kjæresten ville ha blomar med masse fargar og eg ville berre ha blåe, små kompromiss i kvardagen kan eg leve med, iallefall når resultatet blir so bra som dette.
Steinane har eg funne på ein hemmeleg plass vi kallar "finneplassen"
Der samlar vi skjell, flytestein og drivved.
Vannkanna er ny av dagen, den matcher hanskane mine:)






Eg ventar spent på at lavendelen skal stå i full blomst. Favoritten!
Det er så digg å stryke hendene over stilkane og lukta på....


Det gjer ikkje noko om Hortensiaen skundar seg med å blomstre heller!




Mine sine og kjæresten sine blomar:)



Vi har overbygd inngongsparti, der er det ikkje mange blomar som trivest, difor har eg investert i falske hortensiaer. Det var då voldsomt so rosa dei blei på biletet! Dei er mykje raudare i verkelegheita.


Klarer ikkje å bestemme meg om eg skal ha dei ståande på den kvite krakken eller om dei skal henge på veggen... hm...


Åå, så lukkeleg eg er!

Fin dag saman med kjæresten, vi har handla litt på bruktbutikken og litt anna snadder som blir avbilda seinare.
Stoff-avhengig!



Rosa, søte, sarte fargar. Eg veit ei lita prinsesse som har hatt bursdag og som ikkje har fått gåva si enda. Ho har fått seg dukkestue og treng både det eine og det andre. Til jul fekk ho gardiner og duk, til bursdag blir det puter, ein mjuk boks til å henge på veggen og eit forkle...


Eg skal sy meg sommarkjole, eg er veldig glad i raudt og svart. Det blir to kjolar. Ein svart og ein raud. Bilete kjem seinare.
Stoffa kjem forøvrig frå Stoff & Stil.

mandag 15. juni 2009


Mentalhygiene




Lillelavendel, som er mi lillesyster, anbefalte meg å sjå Seven Pounds. Eg fekk beskjed om å ikkje lese bakpå coveret og det angrar eg ikkje på. Breathtaking!
Ei vakker og vàr forteljing, som traff meg rett i sjela. Ein sit og lurar på kvifor Will Smith, som forøvrig spelar framifrå, tek dei valga han gjer og kvar forteljinga skal ende.
Det er kjærleik, tragedie og dramatikk på sitt beste!! Aldri har vel tida gått fortare.
*sukk*



Vi har vore på tur og dama på biblioteket anbefalte meg denne boka. Eg har ikkje klart å lese noko etterpå, boka heng fortsatt i kroppen. Språket, stemninga og historia fanga meg frå første side og eg var oppslukt i den merkelege spiralen boka drog meg ned i. Oppbygginga var genial og ein kan ikkje tenkja seg slutten før den er der... altfor tidleg. Boka burde vere dobbel so tjukk!
Fantastisk!!
Spisestua vår, før og etter...
Thank God for byggvareforretninger!




Klokka på veggen virkar ikkje enno, men kanskje ein gong.... Eg fekk den med naboen, dei skulle kaste den. Skjenken skal få eit målingsstrøk eller to til.


Vegg-til-vegg-teppe, tekstilstrie i ein ubestemmeleg farge.
Det er lenge sidan det har vore pussa opp her...
veggane skreik etter make-over.



Pipa, nesten ferdigskrapa. Eg veit fortsatt ikkje kva eg skal gjere med den... legge skifer, eller småstein... eller, eller... valgets kvaler.


Under teppet dukkar gamle golvbord opp, vi har slipa ned og måla kvitt! Lekkert, sjølv om det ikkje er so praktisk med ein svarthåra hund og ei svarthåra matmor:)


Blomst frå Sofiia, vakre vesenet! Skjenken er arv frå far min, eg måtte ta den, for ingen andre ville ha den. Den såg mildest talt shabby ut, på feil måte. Men eg pussa og sparkla, måla og skifta knottar, no er den eit stasmøbel eg er glad for at eg adopterte!




Krukker, laga av ein keramikar eg kjenner. Ho lagar dei mest fantastiske kreasjonar og eg håper mange fleire vil oppdage kunsten hennar. Eve Lis Eikrem, ho er søkbar på google.
Verdt ein titt!!


Taklampa som eg har arva frå farmor. Den låg nedstøva på kryploftet heime hjå mamma og far.


Her likar eg å samle middagsgjestar so ofte eg kan. Ingenting er so koseleg som sosialt samvær med folk eg set pris på. Bordet fekk eg kjøpt på finn, mørkebrunt og heilt forskrekkeleg stygt. Det fulgte med 4 stolar. Eg heiv meg over pussepapir og målarkost, og vips!! 3 av stolane er replica av ein antikk modell. Dei har eg fått frå ein herregård i Sverige.
Heldige meg!




Med ynskjer om ein fin dag!

søndag 14. juni 2009

God venninne på besøk!

Eg har kome til eit punkt i livet der eg har skjønt
at eg er ingenting utan folk eg er glad i.

Årets første jordbær, Deilig!!






Vi åt spekemat, røykalaks, spansk omelett, kyllingvingar, pølser, pommes frites, tacokjøttbollar, råsteikte poteter, kjeks, ost, oliven, dip`ar og sausar.... Det var godt det!



- God venninne,
god mat
og
gode dufter,
kan livet bli betre??

lørdag 13. juni 2009

Dagens produksjon, til ei kul tantejente.


Prinsessa mi, som er jamngamal med bursdagsbornet, hjalp meg med å velgje stoff og knappar, i tillegg til å stappe kroppen med vatt.

Godt samarbeid, rett og slett.




Sånne mjuke boksar til å ha sminke, telys, hårgreier og dilldall i er veldig kjekke.
Tantejenta er svart og raud av seg, akkurat slik som tanta si.


Ei slik filledukke har eg hatt lyst til å lage heilt sidan eg såg noko liknande på ei eller anna heimeside (sjå innlegg lenger ned), tantejenta er typen til å like sånne greier, trudde tanta...
og det hadde tanta heilt rett i:)


Bursdagsgåva er i boks,
det sjølvoppblåsbare liggjeunderlaget var nok ikkje like spanande som resten av gåva:)