... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



fredag 12. juni 2009

Sommaren er her, på kalenderen iallefall...


Ei venninne har vore innom og hadde med seg denne buketten, berre fordi ho var glad i meg!
Herlig!!


Eg klarar ikkje å sjå meg mett på sånne kunstverk, fullkomne og perfekte...





Eg elskar tulipanar!!

Det mest verdifulle venskap er der eg kan vere meg sjølv,
uasett kva som skjer og kor lang tid det går mellom kvar gong vi treffes.
Eg er heldig som har mange gode vener,
både i nærområdet og langt vekk.

torsdag 11. juni 2009

Soverommet før vi pussa opp:


Veldig grønt...
det var det første vi byrja på når vi fekk nøkkelen.



Det var mykje fram og tilbake om vi skulle måle dei flotte gamle møblane. Naboen skulle kaste dei i ein container og syster mi fekk redda dei i siste liten. Han såg lettare sjokka ut då vi spurte om vi kunne få overta møblane. Han kunne nok ikkje førestille seg at nokon kunne tenkja seg å ha det rukkelet. Men då tok han feil.
Dei er handlaga her i bygda og gull verdt, etter mi meining.
Vi (les: kjæresten) måtte forlenge sidevangane, for senga var berre 180 lang.



Den eine puffen, dei har allereie fått nytt trekk èin gong, det blir ikkje so lenge til dei skal få kvite blondetrekk... det blir so søtt, atte!



Det er jo eigentleg synd å måle over slike flotte møblar, menmen... resultatet ser du under:)
Velkomen til mitt/vårt soverom.

Slik vart det etter nokre målingsstrøk, både på møblar og veggar.



Denne prinsessekrona heng på døra, ekte prinsesser må ha krone!
Prinsen vil òg ha krone !??!!, men den er ikkje ferdigmåla enno. Eg nektar å ha ein rosa froskeprins på rommet, nemmeleg.



Biletet på veggen har eg fått av kjæresten i bursdagsgåve, vakkert, vakkert!!



Bamse breiar seg i senga, han nyt nok å ligge komfortabelt, elles ligg han lettare henslengt på golvet... heilt ufrivilleg.



Engelen har eg dratt med meg sidan eg var lita jente, eg fekk den av besteforeldra mine.
Kjært minne!



Møkkaknotter... dei går opp i liminga til stadigheit. Men fine er dei, likevel.

onsdag 10. juni 2009

Kreta 2007

Dette er mamma, som eg har plassert i ei hòle.



Skiathos 2005



Dette er meg, gonger to.

Mamma og eg reiser til syden saman annakvart år. Ein veldig fin tradisjon der vi investerar i godt venskap og mykje gode minner. Vi et godt, soler oss heile dagen, les gode bøker, kniser og fniser mykje av tida, ruslar i butikkar på kveldane og nyt å vere vekke frå kvardagsrutiner.
Takk mamma, for at du kom med dette fantastiske forslaget for 4 år sidan.

Eg set enormt stor pris på denne kvalitetstida saman med deg!
Raud inspirasjon



Denne dama er berre heilt ! Ho designar klede, lagar parykkar, syr dukker og målar.....









Og eg let meg inspirere!

tirsdag 9. juni 2009

Til minne







For eit halvt år sidan døydde min biologiske far. Ein far eg aldri har kjent, ein far eg har sakna og forbanna om kvarandre.
For knappe to veker sidan døydde faren til ei av mine venninner. Ein far som har vore til stades for døtrene sine heile oppveksten, ein far som har vore deira inspirasjon og ryggrad.

I gravferda gret eg, eg gret for ho som hadde mist si støtte og tryggheit, eg gret for meg sjølv som mista noko eg aldri har hatt.

Måtte dei kvile i fred.

Den store inspirasjonen kjem veltande


Eg blir so inspirert av vakre bloggar rundt omkring, no må det verkeleg skje noko i hagen min. Eg VIL ha orden på den, helst i går... Her er tomatplantane til kjæresten, saman med den fine kommoden min, som snart skal få seg eit strøk måling eller to.





Det gjer ikkje noko om hagen ender slik.




Denne står laangt opp på ynskjelista!! Tenk so koseleg å ligge saman med kjæresten eller ungane i ei sånn ei, berre nyte livet og fuglekvitter.




Peonar er ein sjølvfølge i hagen min... min kjære besta har 3 gongar forært meg avleggjarar frå grava til oldeforeldra mine, no må eg ha enda ein gong, vi satsar på at det blir siste gong eg treng å mase. Her skal eg bu... lenge...




Slik skal det sjå ut i inngangen til skogen til ungane, eg må berre få somla meg til å kjøpe og plante.


Sånn... eg er i gong igjen. Med blogging. Det var på tide. Sanneleg.