... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



torsdag 11. juni 2009

Velkomen til mitt/vårt soverom.

Slik vart det etter nokre målingsstrøk, både på møblar og veggar.



Denne prinsessekrona heng på døra, ekte prinsesser må ha krone!
Prinsen vil òg ha krone !??!!, men den er ikkje ferdigmåla enno. Eg nektar å ha ein rosa froskeprins på rommet, nemmeleg.



Biletet på veggen har eg fått av kjæresten i bursdagsgåve, vakkert, vakkert!!



Bamse breiar seg i senga, han nyt nok å ligge komfortabelt, elles ligg han lettare henslengt på golvet... heilt ufrivilleg.



Engelen har eg dratt med meg sidan eg var lita jente, eg fekk den av besteforeldra mine.
Kjært minne!



Møkkaknotter... dei går opp i liminga til stadigheit. Men fine er dei, likevel.

onsdag 10. juni 2009

Kreta 2007

Dette er mamma, som eg har plassert i ei hòle.



Skiathos 2005



Dette er meg, gonger to.

Mamma og eg reiser til syden saman annakvart år. Ein veldig fin tradisjon der vi investerar i godt venskap og mykje gode minner. Vi et godt, soler oss heile dagen, les gode bøker, kniser og fniser mykje av tida, ruslar i butikkar på kveldane og nyt å vere vekke frå kvardagsrutiner.
Takk mamma, for at du kom med dette fantastiske forslaget for 4 år sidan.

Eg set enormt stor pris på denne kvalitetstida saman med deg!
Raud inspirasjon



Denne dama er berre heilt ! Ho designar klede, lagar parykkar, syr dukker og målar.....









Og eg let meg inspirere!

tirsdag 9. juni 2009

Til minne







For eit halvt år sidan døydde min biologiske far. Ein far eg aldri har kjent, ein far eg har sakna og forbanna om kvarandre.
For knappe to veker sidan døydde faren til ei av mine venninner. Ein far som har vore til stades for døtrene sine heile oppveksten, ein far som har vore deira inspirasjon og ryggrad.

I gravferda gret eg, eg gret for ho som hadde mist si støtte og tryggheit, eg gret for meg sjølv som mista noko eg aldri har hatt.

Måtte dei kvile i fred.

Den store inspirasjonen kjem veltande


Eg blir so inspirert av vakre bloggar rundt omkring, no må det verkeleg skje noko i hagen min. Eg VIL ha orden på den, helst i går... Her er tomatplantane til kjæresten, saman med den fine kommoden min, som snart skal få seg eit strøk måling eller to.





Det gjer ikkje noko om hagen ender slik.




Denne står laangt opp på ynskjelista!! Tenk so koseleg å ligge saman med kjæresten eller ungane i ei sånn ei, berre nyte livet og fuglekvitter.




Peonar er ein sjølvfølge i hagen min... min kjære besta har 3 gongar forært meg avleggjarar frå grava til oldeforeldra mine, no må eg ha enda ein gong, vi satsar på at det blir siste gong eg treng å mase. Her skal eg bu... lenge...




Slik skal det sjå ut i inngangen til skogen til ungane, eg må berre få somla meg til å kjøpe og plante.


Sånn... eg er i gong igjen. Med blogging. Det var på tide. Sanneleg.

lørdag 10. januar 2009

Nye kjøkkengardiner, sjølvlaga


Kjøkenvindauget mitt har fått nytt ansikt.


Kjøkengardiner, type heimesydde, har aldri vore mi greie. Eg hatar det rett og slett, vi snakkar svart og ekte hat her.... men, eg har bite i det sure og svarte eplet og fiksa mine eigne heilt åleine. Dei vart ikkje so verst om eg må seia det sjølv.

Vi skal pusse opp kjøkenet om ikkje altfor lenge, kva er vel meir naturleg enn å starte med tekstilane? Kjæresten er ikkje heilt enig:)


Nærstudie av mine første biser, ever...


Eg var ikkje heilt nøgd med gardina først (det øverste partiet blei for høgt), so eg måtte sy på biser i etterkant. Eg hatar å sprette opp att saumar, då er det betre å bruke 3 timar på putlearbeid.


Vi fekk besøk av eit venepar av oss , då passa det fint at eg hadde laga blåbærmuffins i dag, utan sukker og feitt. Supersunne:)


Då er det berre å sette seg ned og kvile på ei stund, med bakst, kaffe, gode vener og eit strikketøy.

torsdag 8. januar 2009

Med ynskjer om eit deilig nytt år!


Godt nytt år, litt forseinka... Eg har handla på romjulsalg! Mange godbitar blei med meg heim att, like lukkeleg som eg er!!


Enda mere salgsvarer... det nye "sølvet" freista meg stort til å rive ned all den raude julepynten min og hengja opp sølv og kvitt. Det er heldigvis berre 11 mnd og 16 dagar til neste jul!

Eg vil ynskje alle eit deilig nytt år! Eg startar året med å tusle heime, er sjukmeldt og har tenkt å få sydd ferdig kjøkkengardinene mine i tillegg til at eg har eit par tusen andre prosjekt i hovudet, det er jo so inspirerande å snike på andre kreative sjeler...