... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



søndag 14. november 2010

Gratulerer!

Gratulerer so mykje med dagen, Far!



Far har vore tilstades for oss i 20 år,
solid, trygg og til å stole på.

Han tok over jobben for han som ikkje makta ansvaret,
og den jobben har han takla godt.

Det er ikkje berre enkelt å ta over 3 jenter i puberteten.
Men han har vore ein støttespelar for mamma
og ikkje blanda seg inn i oppdraginga,
har berre vore der...
i stormane og i medvinden.

Eg har vore med på å skape ein del storm,
men likevel var han der.
Bar ikkje nag, straffa meg ikkje for dårlege val
eller skubba meg ut i utryggheita.

Eg har vore heldig; både Mamma og Far støttar meg uansett.
Ein slik forelder strebar eg òg etter å vere.

Gratulerer med dagen Far,
eg er veldig glad i deg.

5 kommentarer:

  1. Gode ord på farsdagen.

    Stor klem til deg i dag, har savnet deg men regner med at du har kost deg.

    SvarSlett
  2. du e vel ikkje den einaste som laga en del storm, greide d veldi godt ej me...

    veldi veldi gla i dj Far!!!!
    gratulere me dagen din :)

    mellomste :)

    SvarSlett
  3. hei.
    så flotte ord til din far i livet.
    kos dere masse.
    klem fra sylvia

    SvarSlett
  4. Nydelig ord og e vet du mener de også!!!...savna min idag masse.....men vet at der er flere i samme situasjon og at vi kan minnes de på slike dager..og sette enda mer pris på de vi har rundt oss enda:))

    Klemmer E

    SvarSlett
  5. Oij, den staute karen kjenne i då!!?

    Etter å ha lest og kost meg med blogginnlegga dine over lengre tid, dukka d plutseleg opp ett kjent ansikt:

    MIN kjære far sitt søskenbarn :)

    Håper dere hadde en fin farsdag,

    hilsen fra Svanaug :)

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)