... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



onsdag 30. desember 2009

Teatime in Winterwonderland

Eg er vel ein heldiggris! *nøff nøff*


Heretter blir det ekstra stas å lage seg ein tekopp.
Eg fekk 4 koppar med tefat, ein pakke te
og eit serveringsbrett med nydeleg decoupage.
Ekstra flaks var det at eg har ein kakeboks/krukke
i akkurat same mønster,
den kjøpte eg i Sverige i fjor sommar.



Det har snøa her hjå oss òg, som hjå dei fleste rundt omkring.
Vi er ikkje van med so mykje snø
og eg er glad for at eg ikkje treng å måke fram bil for å kome på arbeid...
Men det er rett so koseleg å sitte inne å sjå på snøen:)

Mellomste søste og eg har gått til sentrum for å handle i dag...
vi sleit oss fram på umåka fortau
og hadde store snødottar langt oppover knea.
Eg følte meg eigentleg som ein litt uproff polvandrar,
og eg har kome fram til at eg ikkje treng å gå over Grønland på ski
(ikkje på føtene heller, for den saks skuld...)
eg har prøvd det (i dag),
og funne ut at det ikkje var noko å stå etter;)

Det høyrer med til historia at vi fekk skyss heim att....


9 kommentarer:

  1. Koselege og fine koppar! Er forsåvidt einig med at snøen er på sitt beste når ein kan sitte inne og sjå på den... Eg skal heller ikkje til verken nord- eller sørpolen, det er bestemt for lenge sidan. Ha ein fin kveld!

    SvarSlett
  2. Såå søte koppar:)

    Ønsker deg og dine eit riktig Godt Nyttår!

    He sendt en mail til deg:)

    Nyttårsklem frå Nina

    SvarSlett
  3. Skulle gjerne hatt de koppene ja, helt skjønne.

    SvarSlett
  4. Så heldig du er da. Når er teaparty? Kommer jeg, hihi. Ønsker deg et riktig godt nytt år.

    SvarSlett
  5. Vil få ønske deg og dine et riktig Godt Nytt År !!
    Jeg gleder meg til å følge deg videre :)
    Takk for et flott bloggår og tusen takk for alle de gode hilsenene du legger igjen hos meg . Jeg setter så utrolig stor pris på dem :)
    Nytt år og nye muligheter...
    Nyttårsklem fra Kari

    SvarSlett
  6. Eg er innom for å ønska deg ein fin nyttårsaften og alt godt i året som kjem. GODT NYTTÅR !!

    SvarSlett
  7. Kjempe fine koppar:)
    Er innom for å ønske deg eit godt nytt år:)
    Gleder meg til å følge deg vidare å åert som kjeme:)
    Klem frå Astrid:)

    SvarSlett
  8. Hei! For ein fin blogg! Har lagt meg til som følgjar! Skal kome innom og lese meir, når eg får tid! :)

    Godt Nytt År til deg og dine!

    Klem frå Elin!♥ ♥ ♥

    SvarSlett
  9. Right now it seems like BlogEngine is the preferred blogging platform available right now.
    (from what I've read) Is that what you're using on your blog?
    Look into my web page :: apartments for rent

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)