... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



mandag 30. november 2009

Våre adventslys i vaskefat og på trefat.

I år har eg vore heilt galen og oppretta to "adventsstakar",
det er blogglandia si skuld. :)


Her har vaskefatet eg fann etter vegen kome til sin rett!!
Mose, nye snøkuler og grankvistar, kjøpt på Tante Bruun i dag.
Det skal ikkje meir til.
...hm.. kanskje strykemerke lysa mine....
muligens:)


Middagsbordet blei dekka med julduk og tent lys.
Vi tenner lys til alle måltid, heile året,
men...
det er verkeleg ekstra koseleg å ete i adventstida!



Ååå, so fint!!


På bordet framføre tv`en har eg same opplegget som siste åra.
Eit gamalt trefat med 4 lyslykter og kongler på.


Meksikanske kongler, funne i ein boks frå den tida
vi bandt og surra krydderbukettar.
Besta har faktisk sin endå, mamma òg!!
Endå eg har trygla dei om å kaste dei...
neeidå, dei skal vel stå framme til spott og spe;)
Det må då vel vere over 20 år sidan??



Eg ynskjer alle ei strålande veke
med mykje førjulskos og lite førjulsstress:)


I morgon skal vi åpne første luke, ungane gler seg, eg gler meg
(eg har verdas største julekalender....
skal ta bilete av den ein dag, den heng utover heile loftet!)
Kjæresten får alternativ kalender i år, med mykje kjærleik og omtanke bak.

4 kommentarer:

  1. Veldig fint med adventslys i vaskefatet! Har faktisk vurdert to adventsstakar eg og, men har greidd å "halde meg". Spørst om det bikkar no når eg ser at du har gjort det.... Måtte flire når eg las om krydderbukettane, dei hadde eg faktisk gløymt ;-). Her er kalendaren klar også, kanskje ikkje så stor i str, men i antal pakkar er den nok i tet. Ha ei god natt!

    SvarSlett
  2. Så flott du har pyntet! Koselig med tente lys ved middagsbordet, det bruker vi også å gjøre :0) Nyt adventstiden!
    *Klem*
    -Kamilla-

    SvarSlett
  3. Herlig med adventslys i vaskefatet....flott gjenbruk.
    Klem..Ellen

    SvarSlett
  4. Kjempe søte var begge advents stakene dine ;)

    Anngående kommentaren din på "grønt" innlegg ;)

    Bare koselig, jeg skrev det fordi du er spesiel og unik, og det er en fantastisk ting ;) Tusen takk for den flotte kommentaren ;D

    Stor klem til deg ;)

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)