... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



mandag 28. september 2009

Kjærestebesøk

I helga har eg vore på kjærestebesøk.
Sjå på den ultra-kule veska eg reiste med!
Eg har fått den av Tony, en god ven av meg.
(han har funne den i eit gamalt hus i Ålesund)
Tusen takk!!
So må eg få skryte litt av meg sjølv....
sooo lite pakka eg also til ei heil helg!
Og endå var der god plass
i tilfelle eg skulle finne noko spanande å kjøpe.



Fredag var vi invitert på får-i-kål-middag hjå sonen og svigerdottera til kjæresten.
Der var vi, dottera til kjæresten, foreldra og besteforeldra til vertskapet,
det var veldig koseleg!
Eg er vanlegvis ikkje so begeistra for selskap saman med "ukjende",
men når dei tek imot meg på denne måten so kan det ikkje bli anna enn hyggeleg:)
Det er tross alt eks-familien til kjæresten og ikkje alle born er so heldige at dei kan samle familien sin under same tak og i tillegg kose seg.

Vi fekk, under talen til verten,
vite at kjæresten skal bli BESTEFAR!...
Alle satt der i gledessjokk,
og det gjekk nok eit minutt før alle hadde skjønt kva han hadde sagt:)
Hellandussen... det blir stas det!!
( i Løpet av det minuttet forvirringa varte hadde eg gjort klar
ein heil babykolleksjon i hovudet mitt....
*klikk-klikk-klikk*)


På laurdag åt vi middag saman med eit venepar av oss,
alltid like koseleg og eg skjøner ikkje kva som skjedde med klokka ,
den berre rasa av garde.
Etterpå gjekk vi på kino, såg "Jenta som lekte med ilden",
boka var betre,
men sånn er det vel som oftast.
Kino er uansett noko av det mest romantiske eg veit:)

På søndag feira vi bursdagen til "svigermor",
gode kaker og eit par trivelege timar, svosj:)

Eg rakk òg innom Oslo ein liten tur for å hente eit par Finn-funn. :)
Dei fekk eg ikkje med meg heim att og det var ikkje for at veska var for lita:)

8 kommentarer:

  1. Herlig helg........det forstår jeg godt. :0)

    SvarSlett
  2. Kjempefin reiseveske.......ser at du har har en herlig helg.
    Fortsatt god uke til deg.
    Klem...Ellen

    SvarSlett
  3. Åja, den var kuul!!

    Hilsen Liv

    SvarSlett
  4. Ah, det hørtes ut som en herlig helg! Og kanskje litt slitsom..? :P Jeg og min kjære har selv vært hos svigers i helga, blir ikke like uthvilt som å sløve hjemme altså! :P

    SvarSlett
  5. <3

    Takke for sist. Når blir neste gang??? *fnis*

    SvarSlett
  6. Wow litt av ei helg du har hatt! Så kosleig med en ny baby i "familien" då:):):)

    SvarSlett
  7. Høres ut som om du har hatt en herlig og travel helg;o) Tenke seg til, du "dater" en som snart er bestefar;o))) Lykke til med babykolleksjon, aner meg at det ikke bare blir en sparkebukse;o))
    Lysdekor var forresten fantastisk gøy. Skal lage en bunsj, for jeg skal ha julemesse her;o)
    Håper du får en knall fin uke.
    Klem
    Linda;o)

    SvarSlett
  8. Høres ut som en super helg!!
    Tøff veske:)

    Klem

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)