... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



fredag 11. september 2009

Ellemeller sin SPA-dag

Vi kjøpte hus for over eit år sidan,
ein av grunnane til at vi bestemte oss var at badet og kjøkkenet såg greit ut,
ingen store kostnader i næraste framtid.

Her kjem eit knippe bilete frå badet vårt:



Det er lunt og godt og stort nok til å pleie seg sjølv på dagar der det bles og regnar ute.


"skrotet" i vindauget har eg laga sjølv, i eit anfall av kreativitet.
Drivved opphengt med organzaband.
Skjell og perler festa i brun ståltråd.



Hylla over toalettet.
Eg elskar steinar og skjell.
Kvar gong vi er på ferie dreg eg med meg so mange kilo eg klarer å få med,
av skjell og steinar som eg finn i naturen eller i butikkar. Det blir vanskeligare og vanskeligare etter kvart som vektkontrollen blir strengare på flyplassane.
Eg har tidlegare aldri reist heim att med ein koffert som veg mindre enn 40 kg.

Vi fekk oss ein smekk sist vi var i Spania og reiste med RyanAir (møkkaselskap).
Då hadde vi 4 kilo overvekt på ein koffert og måtte betale ca 450,- .
Kjæresten skulle absolutt dra med seg ein brunost, og den låg i overvektkofferten,
det har han fått høyre nokre gongar...
"verdas dyraste brunost... blablabla..."

Sannheita er vel at det låg sikkert eit par kilo skjell der òg:)
Men det seier eg ikkje høgt.


Tilbake til Spa-dagen.
Eg har tatt ein lang varm dusj, fotbad, høyrd på musikk, fila neglar, ordna hår, smurt meg inn med olje og sysla litt med kreative tankar som kjem i bileteform om nokre dagar.

Krakken på bilete sto i huset, den var då gusjebrun...
korga er spraylakkert og inneheld skittentøy.


Ein idè eg fekk i eitt eller anna blad, legg runde steinar i vasken.
Skikkeleg upraktisk, men deilig vakkert å sjå på!


Dusjen vår har plass til to, det er faktisk litt kos.
Eg elskar å bli vaska på ryggen.
(legg merke til den lekre rosa dusjhetta...)
"oh, I`m too sexy for my..."


Nysølvskål med steinar og perlemorskjel... kjøpt i Spania.
Skjellbutikken var so stor at eg trudde aldri eg skulle kome meg derifrå.
Mykje lekkert og sjølvsagt måtte eg finne den sjappa siste dagen,
når feriebudsjettet allereie var litt ute å køyre:)


Blir ikkje mett av å sjå på det...


Badesalt frå Praha, fått i gåve frå mamma.
Luktar herleg!
Det ligg i eit skjell (sjølvsagt) oppi blomsterpotta til orkidèen og dunstar friskt og reint.

No sit eg herleg fresh og lekker :) og er klar for helg, utan kjæreste,
han spring frå tre til tre langt ute i skogen
og ser etter fugl han kanskje kan skyte (jakta har byrja).

Fin kontrast eigentleg;
Eg, pynta og rein,
Han, machomann med granbar i håret, som han ikkje har,
og sveitte strømper i skoa.

8 kommentarer:

  1. Takk for "titten" på ditt koselige bad.
    Håper du får en koselig helg og at været blir bedre hos dere.

    Må også si tusen takk for kommentarer inne hos meg.
    Alltid veldig hyggelig!

    Stor klem fra Lykkeliten

    SvarSlett
  2. Så utrolig fine bilder du viser! Likte godt stenene i vasken, det har jeg aldri sett før! Og skjellene dine er virkelig vakre! Deiig med spa dag;) Håper resten av helgen din blir like deilig! Klem fra Linda

    SvarSlett
  3. Det med steiner i vasken var en strålende idé! Kanskje jeg stjeler den... og orkideene også. Trives de spesielt godt i fuktig luft? Vi klarer aldri å holde liv i våre i mer enn et par måneder, men kona elsker dem!

    Utrolig stili'!

    <3

    SvarSlett
  4. Så koselig du har det, jeg likte ditt kreative sprell i vinduet. (Det som henger der altså, jeg har ikke kikket!)
    Joda, Ellinger er gode å ha, han er kjempeknas..et smil i hverdagen,klem,M

    SvarSlett
  5. Sånt et fint bad;o)
    Så også det med steinene i vasken, men har ikke turt å gjøre det ennå. Er redd mannen hadde trodd det hadde flippa helt for meg;o)
    Ha en flott helg;o)
    Klem
    Linda;o)

    SvarSlett
  6. Trivelig bad og flott pynt, og du så kos du har det på stua da!!
    Go helg, sitter og venter på fårikål her ihuset;)

    SvarSlett
  7. Så herlig, kan ikke påstå at mitt bad innbyr til serlig mye spa-følelse... :P

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)