... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



søndag 26. september 2010

Eit bittelite ynskje

Vi har hatt ein nydeleg dag.
Sommaren har besøkt oss
og vi har ynskja solstrålane hjarteleg velkomne.




Sommarfuglane har Lillesøs hekla til meg,
dei er so nydelege!




Sjølv om eg skrapa is frå frontruta i dag tidleg
so har eg håp om at sommaren kan blåse varm pust
over oss nokre veker til.



Berre litt?
Littegrann meire varme?

lørdag 25. september 2010

Lean on me



Det har blitt mykje handarbeid hjå meg i det siste.
Det er haust og handarbeidstid.
Siste to dagane har eg snudd opp-ned på syrommet
(inspirert av Datt)
og det har vore lettare kaotisk i heimen.
Men det blir bra....
til slutt:)



Seint ei natt kom det ei melding frå ei venninne tikkande inn;
"Hei:) Du får en sang fra meg: "lean on me". Og jeg mener det"

Det berører meg.
Det å bety noko for nokon,
det at nokon vil bety noko for meg.




Det er ein nydeleg song, med eit nydeleg bodskap.
Har ein det tøft, skal ein støtte seg på dei næraste.
Vi skal ikkje vere redde for å vere til byrde.

To stoffposar med glidelås

Har du nokon du bryr deg om?

Send ein sms, eller ta opp telefonen og ring.
Gi gjerne vedkomande ein song med vakker tekst.

Timotei-pung og snytert

Det gjer dagen lysare, uansett om ein treng det eller ikkje:)

Ha ei fin helg,
med gode vener og familie:)



torsdag 23. september 2010

Lukkeleg av sjokkis?

Ellemeller har hatt ei lita tenkepause.
Kvar går eg,
kva gjer eg
og sist, men ikkje minst
kven er eg?

Tenkepausa har ikkje gjort meg so mykje klokare,
men heller rolegare.
Eg er den eg er...


Frukost med laks, eggerøre og salat.


Eg har fått spørsmålet mange gongar siste månadane:
Kan ein vere lukkeleg utan å ete
svinekjøtt, sukker, gluten og melk?

Kan ein det?
Ja...
Vi kan... alle kan.

Det tek berre litt tid å kome dit,
å venne kroppen av med sukkergifta
og å la smakslaukane få jobbe med naturlege smakar.


Lunsj med blomkål-brokkolipurè, salat og kalkunkarbis.
(middagsrestar)

Kva er grunnane til at vi ikkje skal bli lukkelegare av sunnare kosthald?

Eg tenkjer høgt, på tastaturet:
Huda blir reinare
celluitane forsvinn
humøret blir meir stabilt
meir overskudd
vi kranglar ikkje
psoriasis blir betre
vi søv betre
kviser forsvinn
etc
etc

Ikkje eitt av punkta ser eg på som negative biverknader
som kunne gjere at vi skal bli ulukkelege.





Middag med pasta og kylling


Mange trur at ein ikkje kan leve utan sjokolade,
men ein kan faktisk det:)
( no skal det innrømmast at eg unnar meg sjokolade av og til,
men den kjøper eg ikkje i godtehylla,
eg kjøper handlaga.
Ordentlege råvarer og best på smak!)

Eg har vore avhengig av stratos og troika
og har nok ete ca 1-2 kg i veka tidlegare,
no et eg sunt, jamnt heile dagen,
og det gjer at eg ikkje har sukkersug i det heile tatt.

Bileta over viser ein heilt vanleg frukost, lunsj og middag her hjå oss.
I tillegg et eg riskaker med eggesalat og smoothie.

Tidlegare åt eg èin gong for dag: middag
og so fylte eg på med sjokolade i mellom...

Kven har eg blitt etter at eg har starta å ete sunnare?
Ein mamma/kjæreste som har meir overskudd, er blidare,
meir tolmodig,
er utkvilt og sprekare.
Og...
tryggare på meg sjølv!

Oppdatering på kjellarstove:
varmekablar og parkett har kome på.
Veggane er måla.
No er det berre resten igjen:)



søndag 12. september 2010

Hekleri-heklera

Hekledilla
- eg har hekledilla.



Det går i pulsvantar for tida...
Eg kan nesten ikkje tru at eg har knekt
den store og mystiske heklekoden.
Men det har eg also...
Heilt av meg sjølv!


Den første blei litt småskakk,
men det blir betre og betre for kvar gong:)


I helga har eg vore hjå ei venninne og gitt ei hjelpande hand.
Stoltrekka på spisestovestolane trengte ei overhaling.
Eg ilte til med møbelpistolen og pågongsmot.
Etter nokre timar var vi ferdige.
Lekkert blei det!


Slik såg dei ut før vi satte i gong.

No kan stolane stå og skine i den flotte leiligheta.
Ein gong skal eg knipse bilete og vise dykk,
ho har den flottaste utsikta!

torsdag 9. september 2010

Bli-Ny-Dag for taklampa



I trappegangen måtte vi ha ny taklampe.


Lampa blei kjøpt på Ikea for ein liten penge.
Eg fann fram ei lita borremaskin,
blondar,
krystallar av ymse slag
og nokre perler.


Kjekt arbeid som alle kan klare:)


Lampa blei brukande den.
Det er ikkje usannsynleg at del 2 av Bli-ny-dagen
fører til litt meir glitter og stas.
Vi får sjå:)


No ventar eg berre på at kjæresten skal kome ein tur
og henge den opp.


onsdag 8. september 2010

Ferdig

Eg vart ferdig med sjala i dag.
Begge er levert til dei nye eigarane sine
og eg er like nøgd som dei:)


Fargen er so lekker at eg er litt misunneleg...


For å få litt liv i kantinga har eg sydd på strassteinar og lilla/rosa perler.


Fleecestoffet gjer det mjukt, behageleg og varmt
å ha på til hausten/vinteren.


Aldri har vel eit skjerf fått so mykje merksemd her i huset før.
Men eg føler det er vel fortent.


Fint, ja?

Det er nesten so ein får lyst på litt ruskevèr:)

tirsdag 7. september 2010

Rosa duskar og andre blondar

I dag kom ei av pakkane frå USA.
Ja, eg har begått eit par kjøp på Ebay igjen.


Rosa, søte blondar og duskar i metervis.
I og med at syrommet er fullt av madrasser
og anna kjellarstoveting har eg innført unntakstilstand
og flytta symaskinene opp på spisestova.


For eg vil sy.

Eg har ei venninne som treng ei lita oppmuntring
og ei anna søt venninne som berre skal få ei overrasking...



Begge likar rosa
og eg likar å overraske!

Svosj!
*spring bort til sybordet*