... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



torsdag 2. september 2010

Nostalgisk bakst

Kostholdsendring betyr meir arbeid på kjøkkenet,
slik er det berre.
Det å finne gode arbeidsrutiner er ei utfordring
og eg er so takksam for at eg har tid og anledning
til å gi meg sjølv og ungane mine denne gåva.



Eg bakar gluten-, sukker- og melkefrie rundstykker.
Det må innrømmast at dei ikkje er like gode som bakaren sine,
men dei mettar mykje meir og gjer veldig godt for kropp og sjel.


Bakeklede er eit omgjort blondeforkle som eg har vore so heldig å få,
likeeins bakebollen.
Den er utruleg vakker!
Det er ein fryd å bake når ein har det fint rundt seg:)


*kremt*
kvar var strykejarnet og strykelysta?
Borte!



Rundstykker på etterheving.
Bakeklede er heimesydd.

Ungane brukar kalkunskinke og grønnsaker på, mykje grønnsaker:)
Eg synes det er godt med eggerøre og røykalaks.

Eit lite supertips, sånn på tampen:
Eg frys ned ei halv flaske (2.5 dl)
med favorittjuicen kvelden før.

Om morgonen tek eg den opp
og fyller opp med juice frå kjøleskåpet.

Vips!
Iskald juice til lunsj.


onsdag 1. september 2010

Redesign ferdig.


Etter at eg fekk spretta opp
og satt overdelen rett veg, blei kjolen rett so bra!
Perfekt passform og heilt nydeleg å ha på.


Skal ein ha akkurat det smykket til akkurat den kjolen,
må ein ofte fikse sjølv.
Her har eg brukt eit armband og hekta det på eit av kjeda til Junior.


Gjort på ein-to-tre.

Kort strikkegenser kan vere kjekt å ha til vinteren.
Denne kjøpte eg for 12 år sidan og plutseleg var den aktuell igjen:)

Princess har vore fotograf.

I kveld har eg rota gjennom alle skåp
og fått mange nye idèar til gjenbruk/redesign.

tirsdag 31. august 2010

Redesign.


I helga fann eg eit reklamehefte med myykje kule klede i,
og eg kjende inspirasjonen kome veltande.
Eg har lova meg sjølv å ikkje kjøpe
NOKO nye klede før nyttår.
(ok, eg har vore litt utru mot meg sjølv og brukt ein liten tusen-lapp)



Eg må vere kreativ og bruke noko av det eg har frå før.
Denne kjolen er veldig stilig, men litt rar i overdelen, då passar det fint å klippe bort det rare og bruke oppatt det stilige.



Denne overdelen er veldig fin, men for kort... kunne det passa betre?
Klippe bort ein del av lengda og bruke det som er fint.


Og setje det saman til ein ny kjole...
Kanskje skal eg finne fram nokre fine band/blondar å pynte med.


Klippe-klippe-klippe...

Og tråkle.
I min iver etter å få ferdig kjolen
og litt for at eg er glad og ivrig etter den fine omtalen i KK
klarte eg å tråkle overdelen attfram på underdelen.
... utdanna sydame er ho, men å SY kan ho ikkje!...
;)

mandag 30. august 2010

Lille ElleMeller er nevnt i KK.



"Hei, jeg fant deg i det nyeste KK, veldig fin blogg! Deg vil jeg følge videre :) "
Skreiv Citronpiken til meg.

Eg satte tunga fast i halsen og ropte til kjæresten:
"Hæærreguud! Eg er i KK!!
(ganske godt gjort eigentleg,
med tanke på kvar tunga hadde havna)

Det er lite typisk at alle butikkar er stengd og at det er midt på natta..."

Kjæresten: "Vil du at vi skal køyre til bensinstasjonen?"


Heimelaga fyrstikkeske.

So vi gjorde.
Og skuffa måtte eg konstantere at det måtte vere ei misforståing.
Ingen ElleMeller i KK.

Gamalt lintøyskåp og ei kjøkkenskuffe.

Men... i dag, ringde telefonen.
Ei venninne av meg abonnerer på KK
og kunne fortelje at bloggen min er anbefalt av
"Ines 3 på nett",
i det nummeret som kjem ut denne veka...

Eg har igrunn ikkje gjort anna enn å hoppe opp og ned
sidan eg fekk den telefonen.

Heimelaga lyspynt.

Tenk det, lille meg....
som ikkje har vore so flink til å blogge i sommar.

Eg, EG er anbefalt!


Heimelaga lyspynt.

-og eg ventar spent på at bladet skal kome ut:)

torsdag 19. august 2010

Alle gode ting er 4.

Det har vore ein hektisk dag med
skulestart,
sykkeltur,
lunsjtreff med venninner,
plenklipping
og fotballkamp.

Alt har vore koseleg,
Bortsett frå plenklippinga.



Plenklipparen min er ein slik Kinderegg-klippar.
Den er tre-3 ting på èin gong.

Klippebreidden er på 7,5 cm
Den er superlett og dermed uhåndterleg.
Den har ikkje oppsamlar, slik at det klakar seg under heile tida.

Dessutan so er den elektrisk, eg klipper med livet til låns.

"Oj, Det ble jo 4 ting det jo!"
BETRE enn Kinderegg:)


Skal eg vere heilt ærleg so likar eg myykje betre å sitje på den fine,
om enn ikkje ferdige,
terrassen min og nyte tropevarmen vi har for tida.


onsdag 18. august 2010

Ny start

I morgon er det skulestart,
Princess skal byrje på ungdomsskule
og Junior skal byrje i 6.trinn.

Haust og skulestart er som
ein kjempediger måndag
for meg:)

Eg vil starte på nytt,
Ny frisk,
nytt liv
og
nye forsett.


Frukost: eggerøre, laks og salat.
Fin blanding av protein, feitt og karbohydrat.

I år har eg stor tru på at eg skal klare det,
for starten byrja i mai i år.
Eg har trent 2-3- gongar i veka
(mot ingenting, nokon gong).
I sommar har eg satt meg inn i kva kostholdet gjer med oss,
og funne ut at vi skal kutte ned på/ut sukker, melk og gluten.


Eg har prøvd meg fram heile sommaren
og det går forbausande bra!
Humøret er meir stabilt,
kroppen fungerar mykje betre
og alt er berre fryd!

Neste steg er å motivere ungane meir
og hjelpe dei med å skjøne kva rett kosthold gjer med kroppen vår.
Vi er godt i gong:)

No er skulesekkane pakka
og vi er alle tre klare for ny start:)

tirsdag 17. august 2010

Sniktitt på kjellartrappa.

Eg har eit av Noregs styggaste rom,
det har eg svart på kvitt, i form av mail, frå Tv3.
Eller... rettare sagt:
eg hadde eitt av Noregs styggaste rom.

I sommar har eg starta på den digre oppussingsjobben.



Veggane er ei blanding av 40 år gamal lakka panel og tapetsert mur.
Biletet over viser eit lite glimt av fargane;
brunt, oransje og gult.
Trappa var i lakka furu,
sikkert stått i 40 år den òg.
Den har fått 4 strøk måling.
Taket har eg måla kvitt,
med god hjelp av kjæresten og ei venninne.

Då er det berre resten som står att.
Og det skal eg fikse litt etter litt
no når ungane startar på skule igjen.

Det er ein stor, men artig jobb.
Endringane vises so godt.

Og so får eg stooore overarmsmusklar;)