... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



torsdag 3. desember 2009

Eg er priviligert!

Eg er so heldig!
Eg har tid,
tid til dei rundt meg og til meg sjølv.


I dag har eg vore hjå Besta og baka, ho byrjar å dra på åra
og orka ikkje å steike goro åleine i år.
Før om åra har ho forsynt heile den store familien med
saft, sylta frukt, ripsgelè, fiskekaker, fiskebollar
og anna heimelaga mat.
Det er på tide å "betale" tilbake.

Vi har storkost oss!
Skravla, baka goro og krumkaker og kokt heimelaga kjøttsuppe.

Eg er verkeleg heldig som har anledning til å
pleie familieforhold, vennskap og kvalitetstid.




Mamma sa alltid då vi var små:
"Det er ikkje mogleg å reise tomhendt frå Fiksdalen!"

Eg var av den typen som samla på ALT!
Sånn var eg og sånn er eg:)
Då Besta jobba på posten kom eg heim med bunke på bunke
med reklame som eg klipte og limte.
Seinare kom eg heim med avlagte klede
som eg farga, klipte og sydde.
Knappar.
Tråd.
Sokkar til å lage dukker av,
etc.

I dag kom eg heim med
2 serveringsfat
og 3 bollar som ho hadde stua vekk,
saft, gelè, suppe, kaker, epler og...og...

Men det som er det mest dyrebare er
tida eg har saman med Besta!
Den er gull verdt!

onsdag 2. desember 2009

Pink Panter

Jakka er levert og klar for blogging.
Den er sydd i ullbouclè.
Kunden ønska seg rosa eller lilla,
det er ikkje so lett å få tak i lange delbare glidelåsar
i all verdens fargar,
men eg hadde ein rosa på lur:)


Ellemeller poserer i rosa hjarte-jakke.
Sydd på bestilling.
Pannebandet er òg laga av meg.


Strudelhette med hjarte dinglande i tuppen.


Merkelappen sydd i sidesaumen.
Eg trur eg må bestille meg fleire lappar, i fleire fargar.


Eine lomma har fått påsydd hjarte i rosa.


Detalj frå baksida.



Jakka falt i smak, det er alltid kjekt:)

tirsdag 1. desember 2009

Julegåveinnpakking

Dei første julegåvene drog ut av huset i dag.
Kjæresten flaksa seg ein tur til austlandet og blir vekke ei veke.
Ungane og eg har laga julegåver til dei der nede.
(Dotter hans og son med sambuar)


Her har vi kopiert dokument og glansbilete,
farga det i kaffe,
stroke det med strykejarn,
lima og pynta etter beste evne.


Innpakninga er verkeleg halve gåva!


Vi håper dei fell i smak og at det blir satt pris på.
Eg trur eg må ha eit lite bileteras i romjula
og vise fram alt det fine vi har laga:)


Adventslysa har pynta seg.
Små sølvkuler knytt fast med hyssing.
Blei rett og slett Berre Lekkert!!

mandag 30. november 2009

Våre adventslys i vaskefat og på trefat.

I år har eg vore heilt galen og oppretta to "adventsstakar",
det er blogglandia si skuld. :)


Her har vaskefatet eg fann etter vegen kome til sin rett!!
Mose, nye snøkuler og grankvistar, kjøpt på Tante Bruun i dag.
Det skal ikkje meir til.
...hm.. kanskje strykemerke lysa mine....
muligens:)


Middagsbordet blei dekka med julduk og tent lys.
Vi tenner lys til alle måltid, heile året,
men...
det er verkeleg ekstra koseleg å ete i adventstida!



Ååå, so fint!!


På bordet framføre tv`en har eg same opplegget som siste åra.
Eit gamalt trefat med 4 lyslykter og kongler på.


Meksikanske kongler, funne i ein boks frå den tida
vi bandt og surra krydderbukettar.
Besta har faktisk sin endå, mamma òg!!
Endå eg har trygla dei om å kaste dei...
neeidå, dei skal vel stå framme til spott og spe;)
Det må då vel vere over 20 år sidan??



Eg ynskjer alle ei strålande veke
med mykje førjulskos og lite førjulsstress:)


I morgon skal vi åpne første luke, ungane gler seg, eg gler meg
(eg har verdas største julekalender....
skal ta bilete av den ein dag, den heng utover heile loftet!)
Kjæresten får alternativ kalender i år, med mykje kjærleik og omtanke bak.

søndag 29. november 2009

Småpynting ute og rot inne.


Endeleg er dagen her!



Eg har alltid pynta 1. advent, men i år har det blitt litt amputert.
Kjæresten sager, hamrer roter og bestøver :) heile huset.
Det er ingen vits å dra fram so mykje pynt enno.


Eg tok turen ut på trappa, rydda og kosta og pynta litt der istadenfor.


Granbar frå Ikea, "diamantar" og sølvkuler på rekke og rad.


I morgon må eg kjøpe lys som passar i lyktene.


Eg har sydd i dag òg, jakka til Sofiia er ferdig.
Bilete kjem til veka.
Og so har eg sett litt på sport, kombinert hopp og langrenn
og i den anledning har eg spekulert på ein ting...
Kvifor kombinerer dei berre hopp/langrenn og langrenn/skyting ?

Kvifor kan vi ikkje få sjå isdansarane danse
og so spele curling?
Eller...
kvifor kan vi ikkje få sjå Petter Northug pilke på isen etter 10 km
og at han ikkje kan gå vidare før han har fått fisk?

Kven kom på "først hoppe og so langrenn"?
Hm...


Slik ser inngangspartiet vårt ut no, eg ynskjer meg kvit dør
.. menmen...


Kransen er frå Ikea.
Bandet og hjarta kjem frå lageret mitt:)


Eg har aldri, i heile mitt liv, eigd sjuarma lysestake.
Ikkje i år heller.
Alternativet varierer kvart år,
i år har eg hengd opp raud lampe frå Indiska.

Då vi vakna i dag tidleg hadde det lagt seg myykje snø!!
Det var rett og slett koseleg!
(I morgon er det borte og det er nesten endå koselegare:)


lørdag 28. november 2009

Hanen Hanne skuar utover kjøkenet!

Forrige veke kjøpte eg ei messinglampe på bruktbutikken,
den skal pyntast med prismer og perler etterkvart.
No til jul har den fått stjernepynt.


Etter at eg hadde køyrd ungane til flyplassen i går kveld
sydde eg stjernene eg ville ha på lampa.
Kvit lin, påsydd blonde og fylt med vatt.



Fint?
Hanen Hanne smugkikkar litt frå toppen av hjørneskåpet.





Hanne-mor sydde eg for mange år sidan,
den har lenge vore stua vekk på loftet,
men eg synes han fortener ein god plass på kjøkkenet.


Litt kalvbeint og smårusk i knea:)


Kjæresten jobbar med listing for tida, taklister...


...og golvlister.
Det blir måling på meg før jul, ser det ut til:)


Nokon som har eit supertips på kva eg skal gjere med pipa??

Skifer i sånne stavar?
Små rullestein? (Kjæresten trugar med å flytte til Antarktis for ein periode om eg fullfører det..)
Eller??

Eg har so lyst til å ha noko "annaleis".



Til slutt eit lite glimt av sviblane mine...
Eg er spent på om dei lever meir enn 4 dagar.
Eg er ikkje spesielt flink med blomar
og ikkje har eg svibelglas,
men improviserte med tre andre dugande glas.
Eg kan sjølvsagt skulde på at det ikkje var rette glasa
om dei skulle finne på å krepere før jul.
Ikkje har eg peil på kva farge det er på dei heller...
:)

I dag snør det, for fyrste gong i vinter.
Det har vore so mildt ute at det legg seg ikkje,
men koseleg er det!
Ekstra koseleg fordi det er godt og varmt inne,
varmepumpa er montert
og eg NYYT varmen!

onsdag 25. november 2009

Betre lykke neste pung!

Det er hektiske dagar, mange gåver skal syast,
kalenderar skal klargjerast, gi-vekken skal syast og sendast
og oppi det heile har eg fått dilla på å strikke...


Innimellom blir det meir og meir jakke av det raude stoffet...
Her er ein detalj av eine lomma.


Eg strikkar og strikkar, herlighet kor kjekt det er å lage desse pannebanda.
No har eg so mange at eg vurderar å selje unna nokre...
(eg ser at fargane ikkje er heilt slik som dei skal vere)


Eg er stadig vekk innom Timotei og snusar,
ho lagar so mykje fint!
Sykunnskapane mine er det ikkje noko å seie på,
men det å sy småtteri som pungar, vesker og sånne greier
har eg ikkje so mykje erfaring med.
I dag kasta eg meg utfor pungestupet (hehe...)
Det heile gjekk rett so bra,
gamle olabukser blei sydd saman til stoffstykke
som eg vidare quilta saman med noko resterosa.
Timtidim...
*glad og nesten ferdig*


UPS!!
So klarte eg det kunststykket å dra glidelåsen forbi dei siste tennene...
5 minutts arbeid igjen og pang so var heile greia bortkasta.

Jaja, eg gjer ikkje det igjen, får eg håpe.
Betre lykke neste pung!

Psst... Tusen takk for gode tips i forrige innlegg!
Art Medium skal prøvast ut:)
Då får eg forhåpentlegvis det slitte utrykket...