... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



søndag 18. oktober 2009

Hardangersaum på Møre

Eg har gått på to hardangersaumkurs,
men er slett inga hardangerdame...



Desse hjarta er morosame å sy,
eg lurte på å stive dei og henge dei opp i julevindauget.



Glasbrikkene er nydelege,
men eg veit ikkje om eg tør å bruke dei.
Tenk om dei blir flekkete,
eg veit ikkje om eg klarar å vaske dei utan å øydelegge saumen.



Vakre kontrastar.


I dag har vi vore på musikal og sett 10.-klassingane.
"D e mitt liv!"
Eg er imponert over kor flinke dei er, mange songtalent og andre talent.
Om nokre år ser vi dei på scenene rundt omkring i verda
og då skal eg mimre og blogge om
"den gongen eg såg dei på scena i 2009, hugsar de det,
kjære bloggevennar??

Eg såg dei først..."

lørdag 17. oktober 2009

Walk-in-closet med plass til overs.

I helga ellemeller eg heilt åleine,
ungane er hjå faren og
kjæresten min kjem ikkje før om 10 dagar.

I dag har eg rydda i skåp og skuffer.
Det er noko av det artigaste eg gjer, seriøst.
No har eg so mykje skåpplass at eg kan ha ei hylle til stearinlys,
ei til lysestakar, ei til serviettar osv...

Garderoba vår har fått seg ein omgang òg.


Kurvene er bytta ut med større,
og alle har fått hjarte med forklarande tekst på.
(skjerfet har eg strikka på maskin)


Her veit eg ikkje kva eg skal gjere enno,
pc-pulten har fått ny plass og då fekk vi plutseleg meir golvplass.
Det er her ungane set frå seg sekkane og heng frå seg gymbagar.
Kjæresten skal òg få litt plass til sine ting her,
han kjem oppover med ein mengde hyller som er kjøpt på Indiska,
nokre av dei havnar nok inne i garderoba.


Alle kleda mine er sortert etter fargar, det gjer det lettare å finne fram:)
Og eg lurer på kva i alle dager den grøne korga gjer der?
Den har då vitterleg ikkje noko der å gjere!!
Argh!

Det har vore ein strålande laurdag!!




torsdag 15. oktober 2009

Fanfare! Avduking av stolen...

Siste dagane har eg spekulert og grubla på korleis eg skal få sydd nytt trekk til denne stolen. Tida eg har brukt på sjølve sømmen er berre ein brøkdel av kva eg har brukt på hjernetrim.



Slik vart det.
Nei, lampeskjeletta har ikkje fått skjerm enno:)
(Junior linselus slangar seg framføre tv`en)


Slik såg stolen ut før...


Lenestol og burkapuffen saman.
Trekket må kunne takast av, for vask,
eg bur tross alt saman med to born og har ein kjæresten på besøk i lengre periodar...
dei skjøner ikkje at kvitt er kvitt og at det eigentleg ikkje er meininga at vi skal site i stolen med mørke olabukser og slikt.
Eller... dei skjønar det sikkert, men tenkjer ikkje over det;)



Her blir det kjekt å strikke og sjå film:)


Ryggen.
(men det såg du vel?)


Jepp, er nøgd. Nesten...
Er eit par småting å setje fingeren på,
men... eg har aldri gjort dette før
og må ha lov til å unne meg ein liten tabbekvote:)

No er det puter og trekk til dagsenga som er det neste på lista.

onsdag 14. oktober 2009

Svarte svingande! Kvifor akkurat meg??

For eit par dagar sidan hengde eg opp sengetøy på snora,
og det brukar å skje på same måte, kvaar gong...
putetrekka har surra seg inn i dynetrekket...
Argh!
Kvifor akkurat i dag?
Kvifor skal dette skje kvar gong?
For ei tid tilbake vart eg stoppa i bilbeltekontroll...
Argh!
Kvifor akkurat i dag??
Eg plar alltid ha på belte, men akkurat i dag skulle eg bli stoppa,
uten beltet på...

Eg kunne ha ramsa opp i metervis.

Kvifor tenkjer vi ikkje
"akkurat i dag"
eller
"kvifor meg?"
når deg skjer noko artig/positivt eller fantastisk bra?
Det lurer eg litt på,
og lovar meg sjølv å bli mykje flinkare til å legge merke til
akkurat den gongen putetrekka ikkje ligg som ein ball inst i dynetrekket.




For eit par dagar sidan skjedde det akkurat meg;
eg fekk ein award!

Det var veldig overraskande og artig.
Tusen takk til Lindas sylyst!!

Eg har lyst til å gi den vidare til Lille Lavendel.

Fordi ho er ei god venninne, har tid til å lytte,
lagar fantastiske blogginnlegg og er artig å vere kreativ saman med!

Akkurat no har eg lyst til å vise bilete av stolen som er ferdig om ca ein arbeidstime,
men det er typisk uflaks for alle nysgjerrige at eg vil vente til i morgon :)
Æddabædda!

tirsdag 13. oktober 2009

Julestemning hjå reveenka

Jula har lista seg stille inn i ellemeller-huset.
Eg har lese i årets juleblad og funne fram gamle årgangar.
Det er eigentleg litt koseleg.
Som vanleg kan eg ikkje begrense meg;
"jatakk, alt på ein gong!"
Eg målar og målar og syr på stoltrekket
men i hovudet er eg allereie mange hakk framføre:)

Tenk på alt eg skal lage før jul... GLER MEG!


Smugtitt på hjørneskåpet som har fått to strøk.
Guri, so fint det vil bli til slutt:)
Eg har fortsatt ikkje heilt bestemt meg for kva eg skal ha i døra...

Eg skreiv i går at eg er glad eg ikkje blei fyrbøtar,
i dag er eg glad eg ikkje er målar...
Håret blei satt opp i høg hestehale,
eg har laaangt hår.
Eg er vanlegvis ganske flink til å ikkje søle når eg målar,
men... i dag har eg kvite knokar, fingrar og ei kvit stripe på kinnet,
for ikkje å snakke om nedst på hestehalen!!
Kvit... heile tuppen... Tjukk klump med måling.
Og so eg som var med frisøren på laurdag!
Grr...
Om det er nokon som lurar på korleis reven fekk kvit haletipp
so er det berre å sende meg ein mail,
eg har forklaringa:)


I kveld har eg site barnevakt for borneborna.
I og med at eg har 734 prosjekt på kalenderen før jul
tok eg med meg restar av lin, saks og nokre mønster.

24 små kalenderstrømper, 6 stjerner og 3 kremmerhus
...og ja, eg har gnagsår på klippeknoken:)


mandag 12. oktober 2009

Jenta Med Tennstikkene som leika med ilden.

Eg trur det er ei meining med at eg aldri blei fyrbøtar,
der hadde eg ikkje gjort suksess,
for å sei det mildt.
Eg er meir som Jenta Med Tennstikkene...

Vi frys, det trekkjer frå eine vindauget
og verandadøra er ikkje heilt tett.
Fyringsolja eg har fått med lillebror (som slettes ikkje er liten) har ikkje kome på plass heller. Alle tre tinga står og ventar på at kjæresten skal kome oppover.
Berre to veker igjen.


I mellomtida held eg meg varm ved å måle, sy og blogge.
I dag har eg grunna stolen og eine hjørneskåpet,
gjett om eg er glad for at eg brukte "Grunning for sperring/isolering".
For skåpet var beisa, slik eg mistenkte.
Då slepp eg å måle og måle og måle,
berre for å oppleve at beisen trekkjer gjennom og kvitfargen blir gul.

Så til dagens supertips!:
Når eg har måla med oljebasert måling legg eg kosten i frysaren,
innpakka i plastpose med knute på,
neste gong eg skal måle med den fargen
(eg merkar sjølvsagt posen med type måling og farge)
tek eg den opp, let den ligge i ca eit kvarter på benken og poff!
klart til måling!!
Smart??
Eg hatar nemleg rot og søl med white sprit og sånn...

Herlighet som eg skravlar...
det eg eigentleg skulle vise var bileta eg fann i fjor,
eg hadde tenkt å måle rammene, kaste bileta og finne på noko lurt.
Men, etter å ha tenkt meg litt om so trur eg jammen eg beheld dei slik dei er!
Eller?
Kva meinar du?

Til slutt vil eg takke for alle koselege kommentarane på bloggen min,
eg er heilt overvelda og mållaus!
Det varmar eit iskaldt ;) hjarte å lese at eg inspirerar
og at de likar dykk på bloggen min!!

søndag 11. oktober 2009

Nye skåp i hus!

Eg skulle berre ein svipptur til Molde og hente eit skåp eg hadde kjøpt på Finn,
men plutseleg sat eg der med skjegget fullt av skåp...
eller iallefall to stk.
Det eine skal eg strippe (neidå kjæresten, eg skal ikkje strippe...) og måle kvitt.
Kanskje skal det få hønsenetting i døra eller muligens ei blondegardin.
Men det skal eg vise ein annan gong.



I dag viser eg det andre skåpet.
Brunt og fint:)
Det passar godt til Jesusbiletet, lysekrona og småting.

Advarsel:
Spisestova er ikkje bloggifisert, ingen duk eller anna stæsj å finne :)

Legg merke til det flotte ullteppet som heng over stolen,
det vevde Besta då ho var til behandling i Danmark for 60 år sidan!
Ho lurte litt på om eg kunne bruke det til noko...
Klart eg kan!!
*lykkeleg*