Etter å ha vore på "visning" hjå Lillebror og forloveden har eg vorte eit spisebord rikare!!

"Ser du, Kjæresten? Var ikkje det stilig??"
Det er so lekkert at eg er svimeferdig!
I morgon skal eg hente det og har allereie funne fram pensel og måling,
eg gler meg som ein liten unge på julaftan.
Endeleg kan eg setje det gamle spisebordet inn på kjøkkenet og få eit større spisebord.
Endeleg skal eg få god plass rundt spisebordet
og få eit brukbart bord til lekselesing på kjøkkenet igjen.
Åh! Eg er so glad!
Tidlegare i dag har Lillelavendel med familie og vi tre vore på soppsanking.
Det er med ljugekors bak på ryggen eg kallar det soppsanking,
vi fann ikkje ein einaste spiseleg sopp, ikkje er vi soppekspertar heller.
Men vi fekk ein koseleg rusletur i Hildredalen,
vi åt sjokoladebollar og kanel-i-svingen og drakk varm sjokolade.
Etterpå fekk vi middag hjå mamma og far.

Herleg søndag!