... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



tirsdag 3. mai 2011

Nøgd med dagens innsats!

I dag har eg site i sola og sydd perler og knappar i maange timar.
Armbandproduksjonen er ferdig for denne gong,
men eg har eit par-tre idèar til på lur.




På baksida av alle armbanda har eg brodert positive ord,
som HÅP, GLEDE, KJÆRLEIK etc.



Kremkvit råsilke, lysbrun silke,
glasperler og litt paljettar.




Turkis råsilke, knappar og perler...
og eit positivt ord på kjøpet.




Dette har vore artig å halde på med,
eg har kosa meg og håpar at marknadsfolket vil like dei.

I kjellaren står kjæresten og måler soverommet..
eg trudde eg skulle vere lur og velje ein HEILT anna farge
denne gongen. Ikkje kvitt eller vanilje.
Det vart ein annan farge, so lur var eg,
men...
lilla... eh Lilla?!?!
Det var ikkje so lurt.

Etter at rommet er ferdigmåla kom eg på at
alle sengesetta mine er raude og kvite.

Det blir vel lekkert.
Raudt og lilla...

Gisp!




mandag 2. mai 2011

armband


Det kokar nesten over...
oppe i hovudet mitt.


Eg har sydd lavendelhjarte og -posar
og har no starta på armbanda som eg har hatt lyst til å sy.



Fargane, materiala, perlene vil variere og alle blir ulike.
Idèane er so mange at eg ikkje trur eg rekk å sy opp alle.



Men det kjem dagar etter marknaden òg.

Kanskje gjer eg alvor av å lage meg ein Epla-butikk.
Det har eg snakka om i eit år, sånn ca.

Då er det vel på tide;)



søndag 1. mai 2011

marknads-saum

Eg nyt sola og syr lavendelhjarte til neste helg.
Det er gjenbruk over heile linja (nesten), gamle hekle/strikkebrikker,
perler frå gamle og nye smykker og lin (litt nytt og litt gamalt).



Det er rett og slett ein fryd
å kunne bruke ein finevèrsdag til slike syslar.


Hjarte i lange baner.





Eg har litt arbeid att,
det er ein del hjarte som skal fyllast med vatt og lavendel.
Det er godt at søndagen enno er ung:)

***

I går var vi på kor-konsert med Åge Sten Nilsen som gjesteartist.
Det var ei ny oppleving.
Åge er ein fantastisk artist...
fann eg ut.

Vel anvendt tid!


onsdag 20. april 2011

purple rain

..eller, iallefall "purple card" :)
Eg har laga to kort for lillesøs,
eit skulle vere lilla
og det andre skulle vere grønt.




Desse brettekorta er artige å lage
og endå artigare å gi vekk.



God plass til å skrive personlege helsingar.



Det var ikkje lett å finne lilla ark,
sånn på sparket,
det førte til at hjerna fekk trimme seg litt ekstra.



Det grøne kortet skulle vere enklare,
med plass til å skrive ei helsing på baksida.
Eg likar so godt dette blomestempelet...
sommarfuglar blir heller ikkje feil.

I kveld kjem kjæresten på påskebesøk
og eg har ei milelang
slaveliste klar.
"Demontere her, snekre der...
skru sammen både her og der."


mandag 18. april 2011

Perler for svin


Eg har fått spørsmål om å vere med som utstillar
på marknadsdagen 7. Mai.
(Heretter kan du berre kalle meg
Marknadskjerringa:) )

Bygda vår er 100 år i år
og vi skal feire heile året til ende,
vi har til og med fått vår eigen konjakk!



Eg har vridd hovudet i nokre veker
og hatt problem med å velje kva eg skal lage og stille ut.



Det er so mykje eg ynskjer å lage!
Hovudet er fullt av idèar og planar
... som vanleg...
og eg lir litt av beslutningsvegring:)


(Armband laga av
fløyel, tyll, blondar, perler, knappar som besteforeldra mine har brukt.)


Det blir kjekt (og litt skummelt) å vere med,
vi satsar på finevèr!




mandag 4. april 2011

Globus



Sjå kva eg har vore so heldig å få!

Vi har ynskja oss globus i mange år
og vore på utkik etter ein brukt ein
som nokon ikkje vil ha lenger.
Plutseleg dukka den opp, heilt utan forvarsel.


Den passar heilt perfekt på lintøyskåpet mitt.



Her kan vi drøyme oss vekk til varme strøk og spanande kulturar.



Eg er litt smålei av nips og greier,
det stel so mykje energi (og samlar so mykje støv).

Meir og meir havnar på loftet for ein liten nips-ferie.




Men...
desse søte småskoa og mine pynta lys skal få stå framme litt til.

***

Mellomste-søs har jubileum i dag,
gratulerer so mykje!!
Gåva er overrekt,
40 fotosider,
spekka med bilete av henne og borna hennar.
Eg har scrappa i 3 månader
og nytt kvart minutt.
Glad i deg!




tirsdag 29. mars 2011

Trekkspelkort



Huset flyt over av lekre papir, blondar, silkeband
og anna stæsj som høyrer ei scrappedame til.
Eg kosar meg med den nye hobbyen.



Ei venninne av meg fylte 40 i helga
og eg fekk lyst til å gi ho ei lita merksemd.



Trekkspelkort med blomar, pynt og blondar.



Det er so koseleg å gi vekk slike gåver!
Det er dobbel glede ved å skape små skattar.
Gleda når eg lagar dei
og
gleda det er å gi.
Dobbel.



Slik ser kortet ut inni, på baksida.



Gåvepose som matchar er viktig!



Ein frisørpose som har pålima papir i same serien
og fått same silkeband.

***

Eg går og ventar på den store
ommøbleringslysta.

Det er tre rom som skal byte plass,
But but, it`s not only-only,
som Petter Solberg ville sagt.

Ha ein strålande dag!