... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



mandag 18. oktober 2010

Potte og vaskeskåp

Eg kjenner presset.
Juleproduksjonspresset i blogglandia:)
Vanlegvis er eg godt i gong med julegåvene i oktober,
i år likeså.

Etter å ha surfa litt rundt siste dagane
skjønar eg at eg må hive meg i gong med
julestrømpesying og anna julesying.



Men...
Aller først vil eg vise fram ein vaskekommode
eg har vore so heldig å få.
(Synes potta er ekstra fin òg)


Saks til å klippe sauane med.


Nyinnkjøpt kors,
det må vere lov å kjøpe litt sjølv om ein har innkjøpsstopp?


Lestane har eg fått av lillebror.


Skåpet står i gangen, berre til pynt.




torsdag 14. oktober 2010

Lure idèar på lur

Tidlegare i haust hjalp eg ei venninne med å trekke opp att spisestovestolane.
Skinnet som blei til overs hadde eg lyst til å bruke til noko lurt...



Det er ikkje alltid at den lure idèen dukkar opp med ein gong,
men... plutseleg er den der.
I går kveld følte eg meg lur igjen;)



Nokon som ser kva det skal bli?

Spisebrikker og bordskånarar.
Det blir fint på den lyse spisestova mi, trur eg.


Eg er i tenkeboksen for tida,
har lyst til å skape meir.
Til meg sjølv og til andre.

Ein idè, ein lur ein, lurer litt i bakhovudet.
Eg må berre lokke den fram.



onsdag 13. oktober 2010

Om å ligge til lading...

Eg har vore på haustferie hjå kjæresten.
Han har eit hus som ligg langt frå folk,
midt inne i skogen
(den skogen eg var på vandring i, saman med ulven).



Der har vi ikkje straum
ikkje innlagt vatn
ikkje mobildekning
ikkje tv
og ikkje pc.


Vi vaknar til total stillheit, utan å vite kva klokka er.
Den er ikkje viktig, tida, inne i skogen.
Ikkje skal vi rekke noko
og ikkje har vi avtalar eller plikter som stressar oss.



Når kvelden kjem snikande går vi ut på trappa
og kikkar på stjernehimmelen.
Det er som å stå midt i verdsrommet,
beksvart med ei ubegripeleg mengde små lys.

Det er overveldande!


Haustferien har vore total avslapning for meg,
kjæresten har laga mat og vaska opp.
Eg har lest, hekla pulsvantar og berre kost meg.

Tenk om vi alle kunne ta slike pustepauser frå kvardagen ...
Vi treng å legge oss til lading iblant:)

tirsdag 12. oktober 2010

Det er Raudhette og eg...

I haustferien skulle vi på jakt, storfugljakt.
Kjæresten, ein kompis og eg.

Vi gjekk, utan å sjå noko og kom opp på høgda.
Kjæresten, som er ein gentleman,
meinte at eg skulle gå rett ned frå høgda og vente på dei,
medan dei gjekk rundt over myra (for at eg ikkje skulle bli våt på føtene)

Eigentleg syntes eg at det var ein litt smådårleg plan,
i og med at eg har litt dårleg retningssans....
Men, kva gjer ein?
Jaudå, høyrer på vaksne menn som har vore på jakt før:)



Vi delte oss og eg småtusla meg nedover høgda,
utan peiling på kvar eg skulle gå.
Men var ved godt mot,
det kunne då ikkje vere so vanskeleg å finne fram?


Det byrja å nærme seg skymingstimen
og eg hadde gått ganske mykje lenger enn eg trudde eg skulle,
utan å sjå ein einaste jeger.
Men fugl, det såg eg! Mange.
(til saman såg eg 7 stk, karane såg ingen)

Eg var redd for å rope og øydelegge jakta for karane,
difor gjekk eg med kryssa fingrar
og håpa at eg skulle treffe på vegen snart.
Etter å ha gått i ca ein time byrja eg å miste motet
og trakka meg til knes i myra nokre gonger.
Våt og kald var eg redd for å måtte bli att i skogen heile natta.

Eg er mørkeredd.... veldig... og eg er skogredd... like mykje.

Det er ikkje lenge sidan dei har sett bjørn med ungar
like ved der eg gjekk og surra, og ulveflokken er ganske stor.
For ikkje å snakke om elg!
Eg er mest redd for elg, eigentleg.


Ikkje før hadde eg tenkt tanken
før det dukka opp eit digert ulvespor rett nedom føtene mine.
Kva i alle dager gjer eg om eg må overnatte i skogen?

Korleis skal eg halde varmen?
Korleis oppfører ein seg om ein trakkar rett inn på ein bjørnefamilie?

Tusen tankar rasa rundt i hovudet mitt.
Eg var redd, alvorleg redd.

Og ingen ridder på kvit hest i mils omkrets...



So tett er skogen.
Ikkje lett å sjå ein ting... for ikkje å snakke om å sjå retninga.

Lure meg fann ut til slutt at eg skulle fylgje bekken!
Det gjer vi på Møre når vi rotar oss bort,
for bekken den fører oss ned mot havet.
Slik er det ikkje i Finnskogen.
"Bekken" renn nedover...
men ikkje til eit vatn, men *poff* inn i myra.
Då var det berre å finne seg ein ny bekk,
og etterkvart skjønte eg at bekken måtte fylgjast feil veg,
for eg var på nedsida av vegen.
Nytt håp.

Eg trakka i tett kratt,
djup myr, med fjellskoa full av myrvatn
og håret fullt av hjortelus (Jækk!)
og ENDELEG!!
Eit hus i sikte!
Ikkje det rette, men iallefall eit som eg kjente att.

I luftlinje hadde eg gått over ei mil feil veg...


Ser de!
Til og med elgen rotar seg vekk i Finnskogen...
men denne har vore uheldig å treffe på ulv.
Eg var heldigare:)

I alle år har eg sagt:
"de må ikkje sende meg ut på eiga hand, då havnar eg plutseleg i Sverige"

Det er ingen grunn til å slutte å seie det.
Eg var nemleg mest sannsynleg over svenskegrensa...

*surrekopp*

Kjæresten var frå seg av glede då vi fann kvarande att,
etter 1,5 time.
(det må innrømmast eg var ganske letta sjølv)
Og resten av kvelden gjekk til å avluse meg,
40-50 hjortelus kravla rundt i håret mitt fram til leggetid.

Det vart ein dag med høg puls og panikkontroll,
med andre ord:)







onsdag 29. september 2010

Vart du skræmt no?

Små forandringar og store gleder.
Og litt redsel.


Lillesøs og eg var på fjellet i går og eg fortalde at eg hadde måla pipa,
det var gjort på 13,5 min og eg har drøya i 2 år med det.
Skjøne det den som kan:)


Det er slik at eg skvett kvar gong eg går forbi!
Herlighet kor stor forandring ei lita pipe kan gjere!
Eg fortalde dette, til lillesøs.


Det er nesten slik at eg blir litt skremt... sa eg.

"Då burde du hatt ei slik skremmebok"
Kom det tørt frå sidelinja.


*knis*
"Du vart skiiikkelig skræmt no ja?"



Forandringa vart ganske merkbar:)

Då er det berre å ynskje seg listing,
neste gong kjæresten kjem:)

tirsdag 28. september 2010

Prosjekt Island

Om ein månad skal eg på tur til Island,
saman med kjæresten og eit venepar.
Eg gler meg heilt ubeskriveleg!


I denne anledning må eg sy meg ny kjole...
Kva passar vel betre enn å sy om ein islender?



Kanskje med restane av eit blondeskjørt?

Eg gler meg til å setje i gong:)

mandag 27. september 2010

Dugg i gras og stjerner i vatn

Vi har vore på fjellet i dag.
Har nytt gode samtalar, deilig vèr og herleg natur.



Før eg drog på meg spinkelbeinbuksa
tusla eg meg ein liten tur i hagen for å knipse hausten.
Fantastisk lys!



I siste liten kom eg på at eg burde måle eit strøk på veggen på syrommet,
svosj-svosj med målekosten, so var det i boks.


Eg er fascinert av vatn og stein.


Eg har fanga stjernene i vatnet! :)
Dette biletet gir meg lysta på reker, solstol og lukta av solkrem.



Etter at eg kom heim att fekk eg kaffebesøk og det var so triveleg!

Fin dag, med andre ord:)