... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



søndag 21. mars 2010

Eg erklærer herved

våren for offisielt opna!



Iallefall her i Brattvåg.
Vegane er tørre, sola skin og alt er berre velstand!


Eg heiv ut putene,
fann fram denne lekre mugga med roser i
og tok med meg strikkeriet mitt for å nyte sola i dag.
Herlighet kor deilig!


Ungane har hoppa på trampolina
og vi har berre kosa oss heile dagen.


Vi har prata om å pusse opp kjellarstova i heile vinter,
i dag starta førbuingane...
Vampyrsofaen skal ut, benken skal ut,
det skal ommøblerast
og eg skal bestemme meg for kva golv eg vil ha.
Det er på tide at det skjer noko!

Kjæresten fekk ånda over seg, tok med seg ungane
og stakk i kjellaren no.

Lucky me!

fredag 19. mars 2010

Men i alle dager...

Her i huset har det vore lite blogging
og lite kikking i Blogglandia siste tida.



I går kveld tok eg med meg siste "Vakre Hjem"
og skulle lese litt før eg sovna.
Kjæresten låg ved sida av
og drøymde seg vekk med eit motorsykkelblad
... som vanleg...
Eg bladde litt småtrøytt i mitt blad
og proklamerte at dette nummeret er betre enn det forrige.

Han slengde eit sideblikk i mi retning og utbraut engasjert:
"Sjå! Er det ikkje Emmeline si spisestove??"

?

Eg lar meg stadig vekk imponere over kva han får med seg.

Med dette tar vi helg,
med treningskamp, badeland
og litt avslæppings.



torsdag 18. mars 2010

Funn!!

Den siste tida har eg vore heldig og fått små og store skattar,
litt herifrå og bittelitt derifrå.


Ei osteklokke sto åleine på ein kjøkenbenk
og stettfatet kom frå ein heim
som hadde lyst å kvitte seg med ein del ting.


Ein einsam krystallvase
og ei krystallskål blei vener på spisestovebordet mitt i går kveld.
Dei blei so vakre saman!!


Eg rydda litt i skuffer og skåp i går
og drog fram alle fine kvite fata eg har samla siste tida.
Gosjameg so lukkeleg eg blir av slikt!!



Og kva med dette?
Nyydeleg farge!
Passar ikkje inn hjå meg no, men det skal stå på ein lur plass,
for plutseleg finn eg ut at eg skal dekke håpets bord...

tirsdag 16. mars 2010

Ein heilt vanleg tysdag


Siste veka har vore hektisk.
Det skjer frykteleg mykje rundt meg for tida.


Eg er stressa.
Pulsen er høg og eg klarer ikkje å slappe ordentleg av.
Min polaritetsbehandlar har lært meg ein pusteteknikk,
men ikkje ein gong det klarar eg:)
Pusten stoppar halvvegs.


Men det er på ein måte godt stress.
Aktivt, kreativt og givande stress.

Kaffekopp med påmontert nålepute.
Vatt, brun velour og ein liten dott med ull.


Eg skal bli flinkare til å høyre på meg sjølv.
Ta meg ei stund heilt åleine kvar dag,
berre kjenne på kroppen og krafta mi.
Puste.
Heilt ned i magen.
Roleg.


I går held eg eit lite foredrag om gjenbruk,
nye idèar ploppa rundt i hovudet mitt
og dei skal eg ta med meg på neste foredrag.

-Eg skal berre puste litt først-
:)


søndag 14. mars 2010

Velkommen til Alice-i-Eventyrland-teselskap!



Princess har fylt 13 og for å feire dette inviterte vi 17 jenter til teselskap.
Eg har kosa meg i fleire dagar med
pynting,
baking
og roting i skuffer og skåp
for å finne "rare" ting å putte godteri og bakst i.



Alle fekk forskjellige tekoppar.


Mellomste-søs sin suppeterrin med ause blei fylt med potetgull.


Ein vase med non-stop og eit sausenebb fylt med pops gjorde susen!


For å sleppe å kjøpe ein haug med tallerkenar kjøpte eg papp
og limte på bitar av serviettar med decoupaglim.
Alle gjestane fekk handlaga sjokolade på tallerkenen sin.



Fargeblyantar til å teikne på duken med.


Den gamle vekta blei fylt med nydelege gulrotmuffins.


Helene hadde laga denne Ybervakre gåva til Kristine!!

Selskapet var veldig koseleg!

fredag 12. mars 2010

Vottar fylt med kjærleik

Nokre dagar er finare enn andre.
I går var ein slik dag.


Det låg pakke til meg i postkassa,
inga kva-som-helst-slags-pakke heller.
Vottane mine frå Lykkeliten seila inn i huset
og blei heilt naturleg eit familiemedlem!
Eg blei reint rørt av kortet som låg ved,
du er ein engel,
Tusen Takk!


Sjå dei lekre fargane!
Passar perfekt til ElleMeller-tunikaen min!


Det var mange pluss-grader i går, men eg måtte ha dei på når eg gjekk i butikken.
Heldigvis snøa det litt i natt,
då har eg god grunn til å bruke vottar litt til!
Princess blei veldig misunneleg,
eg må nok passe ekstra godt på dei!

Siste tida har eg ikkje vore flink til å passe på meg sjølv.
Eg durar rundt og fiksar og ordnar og har vore småstressa.
Det passar meg dårleg.

I går laga eg meg ei liste over alt som skal fiksas dei neste dagane,
det gjer det lettare for meg å ikkje stresse med A L T eg har å gjere.
Dagen i dag skal gå til baking, rydding, vasking
og dekking av bursdagsbord àla
TESELSKAP
til 18 jenter.
Vi er inspirerte av Alice i Eventyrland
og eg har funne fram tekoppar i ulike design,
rare bollar, fat og kar til å ha kaker og snoperi i
og klipt ut papphjarte og ruter til å henge i taket.
Det blir kjekt!

Kjenner eg meg rett kjem det bilete i morgon.

Ha ein flott dag, UTEN stress!!



onsdag 10. mars 2010

Ny jakke og ein liten Tilda.

Denne søte Tilda-dukka har fått navnet Pippi.
Det berre blei slik.


Den er so søt at eg nesten ikkje har hjarte til å sende den frå meg...

Men den skal til Sverige, kanskje for å helse på navnesøstera si?


I helga var ungane hjå pappa`n sin og eg brukte tida på syrommet.
Det resulterte i ny svart jakke til meg.
Svart og grå, passar til alt i frå olabukser til finkjolar.


Bilete tatt i farta, hjulbeint og lekker;)
Skjerfet og pulsvantane er forøvrig strikka
på strikkemaskinkurs.


Sånn ca ser den ut, eg er ikkje sikker på om den er heilt ferdig enno.
Har lyst på fine ord brodert med grått.


Her på ryggen hadde det passa med eit fint ordtak
eller noko anna spanande.
Dingleriet som heng i hetta er restane av eit 80-tals-smykke
eg fann i ei skuff.
Sannheita er vel at eg ikkje berre fann det,
eg har rimeleg kontroll på småtteriet mitt
og eg tek vare på A L T!


Uklart bilete, men slik ser hetta ut.


Detalj frå lomma.

Eg har ei jakke til som nesten er ferdig,
den blir lekker i brun og turkis!
Kanskje i morgon?