... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



mandag 21. desember 2009

Ferdig, finito, i havn... heilt pumpa:)

Julegåvene er ferdige.
Ferdig sydd, ferdig innpakka!
Gosj, for ein lettelse!



Eg har tapesmak i munnen og fingrane er fulle av lim,
men det har vore verdt det:)


Stakkars babyen er litt skamfert og medtatt.
Svart tape på arma og flekktyfus i ansiktet,
ho har overlevd to generasjonar med jenter.

Sniktitt på Baby Born-klede eg har laga.
Eg er sikker på at dei to småjentene,
som skal få kvar sitt sett,
ikkje les bloggen min.

Fleecedressar med lue til og bleier.


Det ligg to lilla finkjolar på sybordet, nesten ferdig.
Det får bli nyttårsgåve, no er eg sliten.
Det har blitt mange timar...
kjæresten sa i dag at det einaste har har sett av meg i desember
er hestehalen min som svisja seg nedover trappa,
mot syrommet:)

Men!
No er det straks juleferie.
Vi skal ut på nissetur i morgon og levere alle pakkane,
KOS!

fredag 18. desember 2009

Juleforviklingar og påskenøtter på èin gong!

Hovudet er heilt tomt.
Det har skjedd mykje i det siste og eg har ikkje orka å blogge,
eg har faktisk ikkje vore pålogga på ei veke.

(julegåve frå ungane til pappaen i forfjor,
sydd etter handskrifta deira)



Julegåvene er langt frå ferdig
og baksten har ikkje kome lenger enn til Ingrediensar I Skåpet.
Men eg er på veg til julestemning
og dagen i dag har gått til julegåveproduksjon, det var på høøøg tid!

Kjæresten har vore ute og flydd og det vart litt kaos då han landa på Vigra.
Vi sto og prata, eg hadde tusenmillioner ting å fortelje og i ei bisetning fekk eg skote inn:
"Der er kofferten din".
Den hadde fått raud silkesløyfe for at kjæresten skulle klare å skille den frå alle dei andre koffertane på bandet(for den glupe idèen er det ingen andre som har kome på...)
Han trakka bort, lempa med seg kofferten og vi gjekk mot bilen.
Vel framme på parkeringsplassen
og på veg til å hive kofferten i bagasjerommet oppdagar eg at han har feil koffert!
Kva gjer vi?

Flybussen er klar for avgang, dei fleste hadde fått med seg bagasjen sin og eg såg for meg at eg måtte nøye meg med skittentøyet til ein framand framføre julegåvene som kjæresten hadde kjøpt til meg...
Eg, som den klartenkte eg er, fann ut at vi skulle sjekke tag`en som hang på kofferten.
Hm... Vidar, eitt eller anna og eit telefonnummer.
"Vi ringer!!"
Mannen, ved navn Vidar, skjønte ikkje mykje.

"Neei, eg er ikkje ute og reiser... hææ?... Vigra?!?
Nææh, eg er heime i Kongsberg, eg...

Det er lenge sidan eg hadde vore ute og reist...
eg hugsar faktisk ikkje sist...
neeei, ikkje har eg lånt bort kofferten min heller....!!
Men... er den skada?? (??!!?)"


Jøsses!

Vi gjekk inn til flyselskapet og ba om hjelp.
Dama foreslo at vi leverte inn kofferten og skreiv ein slik "mista-bagasje-lapp".
Kjæresten syntes kanskje at scanning av den flylappen
(den som flyselskapet heng på) var ei litt lettare løysing.

"Her står det Granheim" sa dama...
"Ja, jeg heter jo Granheim" seier kjæresten... litt tørt...

Vi har also laga forviklingar med vår egen koffert!

Men...
Kvar i alle dager har den Vidar-lappen kome frå??
Den var ikkje der på Gardermoen:)


torsdag 10. desember 2009

Vi lister oss so stilt på tå


Nei, vi er ikkje røvarar!
... vi lister... som i listing på stova.
Sannheita er vel at det er kjæresten som lister.
Eg berre kommanderer.
As usual!


(kjæresten og 3 av ungane våre, eg står i skogen og ventar på ulven!)

I dag har vi baka julemenn, støypt lys
og i tillegg har Princess eit hemmeleg prosjekt.
Jøsses, det var kjekt!
Gåver er pakka inn og klare til å sendast med ungane sørover i helga.

Dei gir alltid vekk ting dei har laga sjølve,
dei har feks.laga
såper,
lyslykter måla med glasmåling,
decoupage-hjarte
og i år har dei/vi funne på noko lurt,
men det kan eg sjølvsagt ikkje skrive her. :)

Eg brukar tid på syrommet for tida... mykje tid.
Og eg har enno att maaange ting som skal syast ferdig.
Eg kosar meg med lydbok og kreativitet:)

Når ein er vaksen og har kreert i 30 år,
då kan ein vel sei at ein er flink?
Eg har lova meg sjølv å seie det oftare!

Eg er flink!
Det er eg og Pippi.
Sodesso!

onsdag 9. desember 2009

Ridder av det runde bord!

Eg trudde eg skulle dåne i går,
då naboen ville gi vekk eit bord etter bestemora si.


Akkurat eit slikt eit som eg har leita etter i mange år!
Eg hadde mest lyst til å hoppe opp og ned og klappe i hendene då eg fekk sjå det...
det er faktisk mogleg at eg gjorde akkurat det òg!


Vekk med det firkanta bordet framføre salongen
og på med strikkaduken eg fekk med Besta for ei evigheit sidan.


Slik ser kula ut, litt småstøvete, men det fiksar vi fort:)

Ja, so har vi eit problem igjen da...
Dagsenga kler verken det firkanta eller det runde bordet...
Hm... eg må inn på Finn for å Finne sofa som passar... igjen;)

***

Eg skal ligge rett ut framføre tv`en i kveld,
har vore på polaritetsbehandling og skal ta det med ro ei stund.
Resultatet i dag er at eg har krefter og energi til å redde heile verda
og er klar for å ta det store steget ut i den store skumle verda.
Dette steget har lagt framføre meg heile livet,
eg har visst at eg skulle ta det,
men har ikkje vore klar for det før no.

Vi sjåast, der ute... :)


tirsdag 8. desember 2009

Florence Nightingale

Vi har vore på sjukehuset i dag, mamma og eg.
Foten skulle under kniven og eg var med som sjåfør,
Florence og moralsk støtte.
Eg hadde med meg korga mi med
handarbeid,
lesestoff,
tøfler
og inspirasjonsnotatboka mi,
klar for ein lang dag.
Mamma fekk pysjbukse, nål i handa og eit par beroligande pillarar...
av den rosa sorten, trur eg.
I eit susete augeblikk,
rett før ho blei trilla inn på operasjonsstova,
kviskra ho litt hemmelighetsfullt i øyret mitt
at ho hadde vaska føtene sine med lavendelsåpe!!
Berre slik for sikkerhets skuld.




Her har vi heile barndommen fått høyrt at vi alltid skal ha på rein truse før vi går ut,
i tilfelle vi skulle bli påkøyrde og kome på sjukehus,
men dama har gløymd det viktigaste...
det er verkeleg ikkje nok å ha på rein truse,
føtene skal dufte som blomstereng òg!

Eg, personleg, var litt bekymra for at kirurgen skulle bli døsig
og krølle seg saman til roleg draumelaus søvn under inngrepet.



I morgon skal eg vise kva ein snill nabo har gitt meg!!
Du vil sannsynlegvis ikkje tru det!!



For nokre dagar sidan fekk eg award igjen, det er alltid koseleg:)
Tusen takk til josimo .
Eg set pris på det!

lørdag 5. desember 2009

I`m not bossy...

Skravlekvelden i går var veldig koseleg!


Eg fekk dette skiltet i vertinnegåve...
Kan ikkje skjønne at dei tenkte det ville passe til meg;)


Julebord dekka til ost og kjeks med venninner.


Serviettane fekk hjartepynt og hyssingband.
Enkelt og greit.


Her er den eien skåla eg fekk med Besta.
Den sto og støva ned øvst i skåpet og eg hadde bruk for ei slik.
Det må då vel vere ein vinn-vinn-situasjon?


Dette fatet kjøpte eg på bruktbutikken.
Vakkertvakkert!!

Dagen i dag blir litt sløv, kjenner eg.
Eg ser sport og ungane bygg lego.
Snart skal vi sjå ein film saman,
det er alltid kos:)

fredag 4. desember 2009

Black beauty!

Det er ein ting eg er flink til:
Å finne nye ting å lage/fikse/måle
når eg har tusen andre ting som skulle vore gjort.

Eg har ei stund lurt på kor lang tid det ville gå
før eg ville finne fram att alt det svarte.
Svart er fint.
Eg likar svart. Sånn er det berre:)

Det tok nøyaktig eit halvt år.



Den nye sofaen har stått litt på nåde ein periode,
eg har ikkje vore heilt nøgd.
Den kvite spegelen og dei kvite putene
har liksom ikkje kome heilt til sin rett...
eller...
den nye sofaen har ikkje kome til sin rett med kvite detaljar.


For eit par dagar sidan måla eg spegelen svart.
Det er lurt å gjere sånne ting når kjæresten ikkje er her,
då slepp eg innblanding:)


Og... når spegelen blei svart måtte putene same vegen.
Etter nokre timar med tenners gnissel og riving i håret
fekk eg då hosta opp eit par eksemplar.
(eg kan ikkje fordra å sy puter/gardiner og sånne greier)


(det er ikkje skai, sjølv om det kan sjå slik ut.
Det er eit blankt og tjukt satengstoff
og speilfløyel.)


Slik var stova då ho var raud og kvit...
Sukk, eg saknar den raude sofaen!


Slik vart det no.
Slettes ikkje so verst det heller:)

I kveld får eg venninner på besøk,
vi skal meske oss med ost, kjeks, vin og herlig skravling!
Det blir kos det!!