... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



mandag 21. september 2009

Forræder!

Eg har måla og måla og måla...
og pussa og so har eg måla litt igjen.
Polaritetsterapi-teknikken byrjer å bli litt slitt i kantane,
det er ikkje lett å sjå det positive
og halde motivasjonen oppe når ein står med hovudet oppe i spannet i dagevis. :)
I dag sneik ein forrædersk tanke,
på venstreskuldra, seg inn... "Fyy flaten, so lei eg er!!"....
Den gode og positive på høgreskuldra reiste seg rett opp og utbraut:
"Neeida, tenk kor glad du blir når du blir ferdig!
Tenk kor koseleg det blir å ha møblar med personleg preg!"



Balansen var gjenoppretta og eg smilte litt igjen.
Heilt til eg kom på ei venninne som skal flytte inn i heilt ny leilighet til våren,
nye møblar, ny innredning og nymåla veggar... *sukk*
Den positive på høgreskuldra har fått jobba litt siste tida.

Eg vil jo ikkje bytte hus med nokon,
eg trivest her og er stolt over at eg har ordna alt sjølv,
men av og til tenkjer eg at det hadde det vore godt å berre setje seg rett ned
og nyte synet av fiks ferdig hus:)

*
I dag er eg offiisielt billaus,
har fiksa med startkablar, heilt åleine, og fått køyrd vraket til
... eh... vraking:)

Biletet har ingenting med verken måling eller vraking å gjere,
men i kveld orkar eg ikkje å ta bilete.

søndag 20. september 2009

Fikse stygge rammer

For nokre år sidan kjøpte eg 4 ultrastygge rammer på Ikea,
dei var billige og eg tenkte at eg sikkert klarte å fikse dei fine.
Dei var lys grasgrøne og sennepsgule,
i eit mystisk stoff likt det som brukast i flanellografar
(om slikt blir brukt lenger).



Eg fekk tak i gips, ikkje hobbygips,
men ein hardare type og dytta gipsen på med ein målepensel,
20 mm.
Tålmodighetsarbeid!


Det blei ordentleg fint!
Rammene skal få seg ein overhaling igjen i løpet av veka,
dei har fått nokre skader under flytting,
gips er ikkje spesielt flyttevennleg:)


Bileta er frå den kalenderen eg skreiv om forrige veke.
Jugendbilete fyller kalenderen og eg har hatt problem med å velje dei tre finaste.


Kunstnaren er Alphonse Mucha (1860-1939),
ein av dei dyktigaste og mest brukte reklameplakatmålarane vi har hatt.
Mucha måla fantastiske kvinner med lekre kreasjonar og hår,
begge deler dandert på det mest kunstneriske.
Han var med på å gjere Art noveau kjend og elska.
-den som kunne leve på den tida der-

fredag 18. september 2009

Mykje lys og mykje varme!

Lang dag, lite produsert:)


Lys, laga på bestilling. Dei to minste.
Det største har eg laga til mellomste i oppmuntringspresang,
ho har vore so deppa siste tida pga ei tak som er lekk.
Ikkje for at taket fiksar seg med eit lys, men...



Eg har vore på sjukehuset og fått medisin og svart energi (venofer) i dag
og der har eg gooood tid...
Dei siste fire Mira-hjarta blei ferdigsydd.
Eg har brukt ein mansjett frå ei av herreskjortene.
Det blir nok fleire Mira-hjarte laga av olabukser framover!

*

I kveld er vi to damene heime åleine,
vi skal lage smoothie og sjå "Dirty Dancing" til seine natta:)

Oppdatering:
Filmen er slutt,
tårekanalane er overarbeidde
og Princess har fått seg ny topp-10-film,
før Twilight og Titanic:)


torsdag 17. september 2009

Hjarte til Mira...

Olabuksehjarta er komne opp på kjøkkenhylla.
Princess har fått eit og Junior har fått eit,
vi kallar dei Mira-hjarte.


Dei duftar godt lavendel
og ventar utålmodig på at kjøkkenveggen skal få ein annan farge enn
R.Å.Å.S.A!!


Kjøkkenhylla hang i huset då vi flytta inn,
har fått eit par strøk måling.
Det søte lille blondeforkleet har vore Mamma sitt (trur eg)
og skautet har Besta brukt.


Trekassa kjem frå Ålesund, har ikkje hjarte til å måle den.


I vindauget heng liftgardina eg sydde i fjor, blonder, biser og lin.... skikkelig fin:)
Duftranken fekk eg med svigermor i vår og den har spira og vokst!

*
I dag har eg vore med Besta ein tur.
Ho har hatt besøk av Onkel, som bur på Voss, det var koseleg!
Det er godt å sjå at ho finn seg til rette med hjelpemidla ho har fått i hus.

...og so har eg pussa og pussa og pirka bort sparkel
og pussa meir og sparkla endå meir på spisebordet....
Det var litt meir jobb enn eg trudde:)

onsdag 16. september 2009

R.I.P. Mira

Klokka 1800 i dag døydde hunden til kjæresten, 11 år gammal.


Eg hadde aldri trudd at eg skulle knyte band til eit dyr nokon gong.
Men Mira har ein spesiell plass i mitt hjarte,
det rolege, lydige, audmjuke og hengivne vesenet tok springfart rett inn og blei der.


Vi har delt kosestunder og appelsinbåtar om kvarandre og ho har lært meg mykje.


Sjølv om ho var ei gammal dame so var ho som ei lita jente når vi var ute i skogen,
her et ho blåbær:)
Eg måtte vere raskt ute med spannet
om eg skulle rekke å få med meg ønska mengde bær heim att.

Bileta er tekne i Finnskogen, ved "sommarhuset" til kjæresten.
Der trivdes ho aller best og der skal ho gravleggjast.
På grava skal det ligge fine steinar frå Møre og små ting som ungane ynskjer ho skal ha.

Det er ein trist dag, ungane har hulka seg gjennom kvelden og eg føler meg ganske tom...

*trist*

tirsdag 15. september 2009

Kaos- (uten) Kontroll

Hovudet er heilt ute av kontroll for tida,
idèane tyt ut i alle retningar.
Det ligg prosjekt, under arbeid, rundt omkring overalt!

Vi har hatt to dagar med sol, heilt glimrande for meg, som har eit bord å pusse.


19 varmegrader gjorde godt i ein frossen kropp:)
Bordplata er no pussa og sparkla, klar for måling...
hovudet jobbar på spreng, har lyst til å gjere "noko anna" med dette bordet...


På syrommet har denne kalenderen frå -03 lagt ei stund,
i dag sa det "pling!" igjen.
Eg er ei slik ei som aldri kastar noko og bur ikkje so langt frå
Ålesund,
Jugend-byen

og bileta i beste Jugend-stil passa meg heilt supert!
I morgon skal eg bruke bileta til noko fint!


Desse to boksane, som det har vore proteinpulver i,
har eg måla og i kveld har eg vore heilt suuupersprø og rive sund ei gammal bok
og lima arka på boksane.
Dei står no til tørk og skal få litt pynt på seg i morgon. Bilete kjem:)

Junior kom heim att frå kompisbesøk midt i liminga og sperra opp augene og utbraut:
"HÆÆH!??! Riv du istykker BIBELEN??"
Hehe... Det var ikkje den also.


Eg har klipt 6 hjarte av ein gammal olabukse, i kveld har eg sydd saman og putta stappevatt i,
i morgon skal dei få litt pynt på seg.


Til slutt må vi få med kebab-middagen vår.

Og eg, som trudde at ein dag skal eg bli ferdig med huset...
Ferdig med småprosjekt og storprosjekt,
at eg ein dag skal kunne setje meg ned og sjå meg rundt og tenke:
"AH! Du har vore flink å få det til slik du vil ha det, Anita!"

Men... eg ser det at eg aldri vil bli ferdig,
og det er eg sjeleglad for, eg hadde visna då...
om eg ikkje fekk skape meir...

Etter at eg har lese over innlegget mitt her,
ser eg at eg ikkje får nokon kviledag i morgon heller:)

mandag 14. september 2009

Heimelaga smykkeskrin! Genialt!

Av og til, i halvsøvne, får eg ein lys idè.
"PLING!"
Dette skjedde her ein kveld for nokre dagar sidan
og her er resultatet av halvamputert søvn kombinert med kvardagskreativitet:



Nytt smykkeskrin!

Eg er so lei av at smykka mine knyter seg fast i kvarandre på krokar på badet,
Princess og venninnene fiklar og rotar i dei stadig vekk
og ikkje har det vore spesielt dekorativt å ha dei framme heller.


Kva gjer ein då?

Jau, ein tek ei settekasse, som har stått på loftet og venta på inspirasjonen,
og nokre andre trekasser som kjem frå ein kunstnarbolig i Ålesund,
...og målingsspannet, so klart.


Her er resultatet i all sin prakt!
Blei ikkje det fint, kanskje?
Bokstavane kjem frå dei sagnomsuste "gnukkearka" mine;)


Slik såg trekassene ut før den søvnlause natta:)


For ein som meg, som ikkje kan få system nok,
er dette både
fred, fryd og glede
på èin gong!