... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



tirsdag 8. september 2009

Systematiske knappar

Eg er ein systematikar.


Alle sytrådane mine er sortert i ein gammal kommode, etter farge, sjølvsagt.


Småtteri er sortert i minikommode frå Ikea.


Stoffa mine ligg i skuffer, sortert etter farge.
Eg skulle ynskje eg klarte å minske litt på lageret...
Det nærmar seg vel ei mil med stoff:)


Knappar er sortert i glass... etter farge (kven skulle tru det??)
I kveld fekk eg lyst til å sy knappar på den nye strikkejakka eg fekk av kjæresten i helga.


Mange av dei kjem frå Besta og Bestefar og eg ser at slettes ikkje alle er svarte,
sjølv om dei ligg i svarte-glaset...


Eg har samla på kanppar sidan eg var lita jente.
Det gir sjelero å la knappane gli mellom fingrane og sjå på alle fine fargane.
Ungane har arva min fascinasjon for småtteri/system/fargar/teksturar,
so i kveld kosar vi oss med Ylvis, knappar, makramè og kveldsmat:)


mandag 7. september 2009

Hamskifte...

Eg er i ferd med å finne nye gleder i livet.
Erika, som er polaritetsterapeut, har opna augene mine for meg sjølv,
positivitet og deltakelse i mitt eige liv.


(biletet er teke av Vidar Tolås)


I dag har Princess og eg gått rundt Synnalandsvatnet.
Ein tur som tok litt over 2 timar, vi trossa stiv kuling og regnbyger.

Princess: " Mamma? Dette var veldig koseleg,
eg føler at eg får kvaliteeetstid saman med deg
og eg kan prate med deg om problema mine
og du hjelper meg til å bli glad og til å takle det som er vanskeleg."

(Eg er redd eg blir støl i morgon,
det kjennes at eg ikkje har trena i sommar)

Når vi kom heim att kokte vi kakao og åt dagens sjokoladebollar.


Polaritetsterapi hjelp meg å finne balanse, overskudd og ro.
Eg tek meg oftare i å smile, glede meg over kvardagsoppgåver og eg har meir energi.

Det er rett og slett bonus heile vegen.



Etter nokre behandlingar trur eg at eg vil vere eit betre menneske.
Peace and looove, folks! :)

søndag 6. september 2009

Neste vekes prosjekt!

Eg har hatt ei fantastisk koseleg helg saman med kjæresten.
Vi har vore sosiale
(tusen takk til denne dama, med kone, for ein super laurdagskveld)
og vore litt for oss sjølve.

Eg har samla energi og er klar for ei ny veke og nye prosjekt!



Denne flotte kommoden har stått heile sommaren og tørka seg
( og den har ikkje stått ute, for då hadde den aldri blitt tørr!!)
og er klar for måling og kanskje nye knottar.


Ei gamal skuff eg fann på den store låvejakta,
kjæresten har brukt den til verktøy tidlegare,
men eg har ein god plan... som ikkje handlar om verktøy...


Lintøyskåpet som naboane skulle kaste, saman med ei seng, natttbord og puffar,
men som mellomste og eg fekk redda før containaren reiste.
Målingspannet ventar...

I tillegg til dette so har eg planar om å sy meg ei ulljakke.
Såh!
Det er godt eg har skrapa saman energi i helga:)

fredag 4. september 2009

Morgonstund har gull i munn...i grunn...


Nokre kveldar blir seinare enn andre, i går kveld hadde eg ein sånn kveld
(las ferdig "Øya")
Konsekvensen er oftast at eg blir stuuptrøytt dagen etter:)


I dag tidleg var ein slik morgon
og eg gjekk og la meg på senga igjen etter å ha vekt ungane,
Junior og Princess kom og la seg i lag med meg ei stund,
vi kosa, prata og tok siste gjennomgong av engelskglosene...
Sånne morgonstunder likar eg!

Princess sto opp og styra litt på kjøkkenet ei stund og kom inn på soverommet med eit brett med frukost til oss; brødskiver med spekemat og potetsalat og ein kopp med urtete!
Er ikkje ho eit gull, vel??


Rett skal vere rett... dette har skjedd halvparten av morgonane sidan skulestart.
Eg er rett og slett bortskjemt:)

Bordlampane har eg kjøpt på Ikea,
kjæresten har justert litt på skjermfestet,
eg har kjøpt lysmansjettar i glass og simsalabim!

Orkidèen har eg fått av ei god venninne
og eg er mektig stolt over at eg har klart å halde liv i den i fleire månader


No står koffertane ferdig pakka, vi er straks klare for avreise!
Det blir godt med ei helg åleine saman med deg igjen, kjæresten:)

torsdag 3. september 2009

...Love is in the air...


I sommar fann eg nøytrale, litt høge og veldig kjedelege potteskjularar på Plantasjen.
Eg har angra på kjøpet sidan eg sette dei i vinduskarmen.


Men so kom eg på ein lur idè!


Forrige veke kjøpte eg nokre sånne gnugge-ark :)
(det heiter kanskje overføringsark?)
På det eine settet står det "love" i ymse variantar
og på det andre "dream".



Det var gjort på ein poff og ein smell!

Eg saknar verkeleg litt love i huset her...
men,
til helga skal eg besøke kjæresten og då blir det kanskje til ein liten suss midt på truten.

Forøvrig so har eg vore til Kristiansund i dag, henta vedovnen.
6 timar i bil og sliten rygg, men likevel blid som ei sol!!
Det blir verkeleg fint!

onsdag 2. september 2009

Gamal kiste

På den store låvejakta i sommar fann eg ei kiste, stua vekk innerst, underst og bakerst...



Eg lurer frykteleg på kven som har tenkt at dette er skrot som vi ikkje vil ha framme?
Vi veit ikkje kor gammal den er, men det står da vitterlig eit eller anna om 183....
Kan den vere frå 1800-talet?


Eg er usikker på kva eg skal bruke når eg vaskar den, kor mykje tåler målinga og treverket?


Nokon som har eit tips eller to?
Det er nesten sånn at eg nesten ikkje tør å tørke av den.
Er so redd for å øydelegge noko.

I dag har eg vore og tatt opp målarkosten frå frysaren...
Nei, eg skal ikkje måle kista:)
Eg har eit gammalt nattbord, eit lintøyskåp og muligens ei skuffe som skal bli lyse.
Jah! Og so skal eg måle boksane frå forrige innlegg.

Det klør i fingrane:)

tirsdag 1. september 2009

Kva skal eg gjere?

Eg har fått ei stilig stålampe, men den manglar skjermar...
Eg har vore på jakt etter rette sorten,
men det var ikkje berre-berre, gitt!

Nokon som har eit tips på korleis eg skal løyse verdsproblemet??


Eg har ei venninne som har ein veldig sterk mann...
Han et slikt proteinpulver i dungevis og musklane står rett ut,
ganske stilig igrunn.
(det ligg visst ganske mykje trening bak, i tillegg da:)

Ein dag kom ho med desse to store boksane og lurte på om eg trengte dei.
Nokon kjenner meg betre enn andre:)
Eg samlar på A.L.T.!
Hm.. kva skal eg bruke dei til, skal tru??
Eg har ein liten plan... men kanskje du tenker på noko som er lurare??



So til slutt, litt skryt av meg sjølv, i sann Pippi-ånd.
Resten av veden kom i hus i dag...
"Ser du kjæresten?
Eg er vel den flinkaste kjæresten du har?? "
:)


No kan berre den nye vedovnen kome, den er velkomen:)