Annakvart år reiser mamma og eg på tur saman.
Vi har vore på Skiathos (fantastisk øy!!), Kreta og i år var vi i Parga.
Det er ikkje mogleg med ord å fortelje kor fint der er, det må opplevast!
Lite, pittoresk og sjarmerande.

Og... kor lett er det å plukke ut bilete til bloggen... eg har fleire hundre å velje mellom. *sukk*
Eit lite knippe, altfor lite knippe:)

Ellemeller nyt utsikta frå "The Castle" mot stranda vår.
Eg ser litt anspent ut, med rette, gudane må vete kor høgt det var rett ned....
og eg har høgdeskrekk.

Ein slik ein vil eg ha i hagen min!!

Vi var på dagstur til Albania, av alle plassar!
Her er "ferga" som vi tok over kanalen.
4 bilar og ørten ståplassar, på eige ansvar.
Det var litt tøft:)
(klikk på bilete for å sjå galskapen på ordentleg)

Ruinar i kilometervis! Eg hadde aldri trudd at eg skulle bli imponert etter at eg var på Akropolis for to år sidan, men.... fy flaten, dette var so imponerande!!
Vi gjekk mellom godt bevarte bygningar i lang tid og stadig dukka det opp spanande saker. Guiden visste alt og meir til.
Skal eg fortelje alt han fortalde so blir eg ikkje ferdig på denne sida av nyttår:)

Saranda, badeby i Albania.
Og eg... som trudde at Albania var eit grått og trist land med berre elende.
Nånei, dei bur seg på turisme dei òg.

Seilbåttur er obligatorisk. Vi var ein tur til havs, var innom "Blue cave" (har ikkje alle greske øyar ei slik grotte??) , Antipaxos og so åt vi lunsj på Paxos. Søt øy, lite badestrender.
Og, vi såg delfinar!! Eg sat heilt framme, med sjøen under beina og såg delfinane svømde under meg. Det var ganske gøy!
Tusen takk mamma for enda ein herleg tur!
*
So, til oppskrifta.
Eg har fått nokre spørsmål om korleis eg stryk serviettar på stearinlys.
Enkelt og greit:
Klipp til motivet slik du vil ha det og slik at det passar på det lyset du skal bruke.
Ta av det ytterste laget på servietten, sett strykejarnet på lav temp.
Legg motivet på lyset og stryk forsiktig på.
Ver lett på handa og for all del, ikkje la jarnet ligge for lenge på same plassen.
Eg kjøpte eit billeg strykejarn til formålet,
so er eg sikker på å ikkje rote stearin på tekstilane mine.
Lykke til!