... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



søndag 28. februar 2010

Mini-kurs i lysdekor


For å dekorere lys treng du
Stearinlys, serviettar, saks, strykejarn og ei avis.


Start med å klippe ut motivet av servietten.
Du kan velge å bruke servietten slik den er
og tilpasse den størrelsen på lyset, eller å klippe ut motivet.
Bruk då ei skarp saks, du treng ikkje klippe ut nøyaktig,
det kan vere fint å ha ein liten kant utom motivet.


Eg har her brukt heile servietten,
klipt den til passe høgd og lagt den på lyset.


Start på ein ende og stryk deg utover.
Blir det små bulkar eller bobler?
Fortvil ikkje, gå berre over fleire gongar.
Det er viktig å bruke svakaste varme og ei lett hand.
Det er betre å gå over fleire gongar enn at stearinen flyt utover.


Eg har funne ut at det blir finast om eg jobbar med heile lengda på strykejarnet.
På små motiv er det viktig å ikkje stryke utanfor motivet...
då blir det ujamne merker på lyset.


Vips!
Lyset er ferdig på ein poff og ein smell...
og når du først er i gong so kan du like so godt produsere nokre.
Eit slikt lys lagar du på 10 min.

HUGS Å ALDRI FORLATE LYSET!
Servietten kan ta fyr,
det er lurt å skjere vekk papiret etterkvart som lyset brenn.


So til supertipset!! Kva gjer ein med strykejarnet?
Blir det ikkje øydelagt?
Nei, du kan stryke av stearinet etterkvart på ei avis.
Avisa sin tekstur og sikkert trykksverta
gjer at strykejarnet blir fint og blankt igjen.

Eg har for sikkerthets skuld kjøpt eit ekstra jarn,
men det er ikkje naudsynt, har eg funne ut:)

Då gjenstår det å ynskje lukke til!

...og vinnaren er...

Eg ringde sonen min,

som har vore på overnatting og sat og åt frukost,  

og ba han sei eit tal mellom 0 og 98.

Tamdadadammm!


Vinnaren av første lavendelhjarte frå ElleMeller er:


Paalandet!!



 Princess fekk trekke neste vinnar:

*trommevirvel*

Vinnaren av andre lavendelhjarte frå ElleMeller er:

Datt!




Tusen takk for at so mange blei med, det var kjekt!

Gratulerer til begge vinnarane!

Send meg adressa på mail, so kjem pakken i løpet av nokre dagar:)


-svisj! Då skal vi på vinterpicnic saman med lille lavendel-



lørdag 27. februar 2010

Englar med både vingar og sko.

Herlighet kor mykje vi har gjort i dag!
Hovudet har jobba på spreng og no slappar vi av med 30 km. kvinner
og litt blogging. med eit lite næringstilskot i form av heimepoppa pop-corn.


Eg har "kursa" ei dame som hadde lyst å lære lysdekor...


Litt eksperimentering,
eg fann ut at det gjekk an å klippe ut motiv frå tjukke ark,
berre ein er tolmodig nok.
Ser du, Mona? :)

Tidlegare i dag har vi vore på Husfliden og laga makramèarmband.
Det var koseleg.
Det endte med at eg var på hobbybutikken og "snopa" perler...


I dag kom pakken frå Barbro!!
Eg kan ikkje få skryte nok av kor vakkert arbeid ho har gjort!
Ho lagar englar, klovnar, fuglar...
ja, stort sett det du ber henne om...
måla og sydd på maskin.
Eg bestilte ein rockete klovn,
den skal monterast på ei av jakkene mine.
Herlighet kor eg gler meg!!


I går fekk eg pakke frå Salige Lavendel.
Eg hadde bestilt eit strykeark og i pakken låg det to nydelege kort og...



ein kortkonvolutt!!
Desse damene er englar i feminine sko:)

Strykeark eg skal bruke i interiørsaker... trur eg:)
Flott arbeid og super kvalitet!
Tuusen takk, snuppa!

Eg er omgitt av englar, godheit flyt rundt meg.
Det er berre FRYD å vere ElleMeller for tida!


Heilt til slutt vil eg minne om gi-vekken min,
eg trekker i morgon kl 12.

fredag 26. februar 2010

Blonde-macho

Av og til
er kjæresten skikkeleg grinete,
han påstår sjølv at han ikkje er det
men det er han.
Punktum:)



I går hadde vi oss ein lang prat om ditt og datt
og etterkvart kom det fram at han var frustrert.
Han er manne-mann, eg er veldig jentete.
I huset er det eg som er sjef.
Resten sei seg vel sjølv.


Huset er lyst og lekkert, fullt av blondar og heklebrikker.
Englevingar over sofaen og krusedullbokstavar både her og der.
Det er verste er kanskje sengehimmelen;
kvit lin, mellomverk og blondar.
Der må han sove, arme mannen...

Eg klarar ikkje å sove i same seng som han,
enten har eg for god hørsel eller so snorkar han for høgt,
vi er ikkje heilt einige om det;)
Senga under trappa er mitt rede...
Han søv under blondar og englar.

Som han sjølv sa:
"Det er for mye blogging og blonder,
jeg skulle hatt ein gapahuk og feks satt ut rypesnarer,
for å kunne komme hjem igjen med middag
før jeg dro deg etter håret inn under sengehimmelen..."

Ikkje hjelp det at han har mannsen for tida heller;)
Hormonbombeblondemann!

-som eg er glad i!-




torsdag 25. februar 2010

Sinnsykt flott!

Det tikkar inn sms:
"Ta med deg fotoapparatet og ta bilete av månen i kveld!"

Sjekk den ringen då!!


Takk Ewa, det var ein opplevelse!
Månen har aldri vore vakrare:)


Ungane er i seng etter ein lang dag på badeland,
i morgon skal vi produsere makramèarmband.
Det kjem eit par jenter på besøk.
Det bli kos.

Eg har hatt nokre timar for meg sjølv i dag
og fått klipt 3 ellemeller-tunikaer.
Princess skal få sy sin eigen,
dei to andre skal eg snekre saman.

Snart er det slutt på vinterferien til ungane,
vi har hatt mykje besøk,
kost oss med strikking, data, bading, bowling, perling og grilling.
Fin vinterferie rett og slett:)

Og eg har oppdaga at det fins englar,
historia kjem om eit par dagar:)

onsdag 24. februar 2010

Skaparen...

I natt våkna eg med den mest
fantastiske idèen
eg har hatt på lenge!!

Pulsvantar under produksjon.

Eg drøymde om fleecekjoler, pulsvantar og andre ting ein kan sy av ull og fleece.
Eg laga mitt eige fleecestoff nede på syrommet.
Løyndomen måtte eg halde for meg sjølv, for dette var verkeleg revolusjonerande!
Dette stoffet tålte alt mogleg, regn, vind og slitasje...
ja, stort sett det meste.
Det vart dei lekraste kreasjonane av det.
Folk gjekk heilt av skaftet ved synet
og eg vart oppringt frå både kjente og ukjente...

Her skal eg dele løyndomen med dykk, men ver snill og ikkje sei den vidare;)

Eg blanda fluorskylling og tanntråd inn i stoffet når eg sydde.
Fluoren gjorde at fleece`en blei heilt fantastisk flott og designet kom av seg sjølv...
Øh...

Eg "våkna" med ein fantastisk følelse og tenkte
"herlighet, for ei oppfinning!!"
Og følte meg som eit supermenneske.

Då eg våkna på ordentleg tenkte eg:
"Herlighet, for ei oppfinning!!"
(ganske oppgitt denne gongen)

Eg fortalde denne historia då vi åt frukost.
Alle kikka litt vantru på meg
og lurte på om eg var stolt eller litt skjemd...

Kjæresten sin tørre kommentar var:
"Jeg tror at vi burde starte et tv-program som heter
"Taperen"....
Ikke "Skaperen"

Eg må sei meg einig! ;)

mandag 22. februar 2010

Believe


Bursdagsgåve til vakre vesenet Sofiia.
Ho blir snart mamma til si fyrstefødde prinsesse
og kjæresten min blir bestefar!
Det gler vi oss voldsomt til.
Eg skulle ynskje vi budde nærare kvarandre,
ho er kreativ og inspirerer meg.
Det er eit sakn.


Vi har vore ute i beinkald vind i dag òg.
Det er litt merkeleg, eg som hatar vinter og kaldt
synes det er greit å ha det sånn.
Det er koseleg å ha kvit vinter, det er ikkje ofte vi opplever.
Kommoden i gangen er klar for vår... med seilbåt og det heile:)


Gipsramma er vårleg/sommarleg den òg.
Det blir godt med varmare vèr, men enn so lenge so nyt eg det vi har!

Eg har vore på Tante Bruun i dag,
der kjøpte eg bla eit skilt som passar, for tida, veldig godt på
Ellemeller;

Believe
When you believe in yourself,
the possibilities are endless...

søndag 21. februar 2010

Med roser i kinn

Innimellom sportssendingar på tv må vi prøve
å strekke litt på kroppen
og få litt frisk luft i lungene.
Kjæresten hadde lyst å grille nede ved sjøen i dag,
og slik blei det.


Vi er begge glade i å fotografere,
difor er fotoapparatet med
stort sett kvar gong vi stikk nasen utfor dør.



Eg fann mykje fin drivved og ein flytestein,
skattekista mi (les: garasjen) blir aldri full!
Til opplysning:
Eg tok ikkje med meg noko av det eg har teke bilete av.


Ungane hadde nok å finne på i fjøra,
her var det vatn, is og stein om kvarandre.
Vi tok med oss middagsrestar frå i går og varma på eingongsgrill.
Vi fekk tid til å fiske litt og ake på skaren etterpå.
Kjekt å kome inn att etter å ha vore ute i kald og frisk vind.

Middagen (anbefalast!!):
Kyllingfilet delt i strimlar, tredd inn på pinnar og steikt i panna.
Banan og mango tredd inn på pinnar og varma i panna.
Saus av peanøttsmør og aprikoskompott most med stavmiksar
og ein liten dæsj sweet chilisaus, varma i kasserolle.
Ris.

Veldig veldig godt og enkelt!
Eg laga kvar sin porsjon i aluminiumsfolie
som vi varma på grillen i dag.
Nammis!
*

Eg vil minne om gi-vekken min!
Klikk her og bli med, trekning 28.2.
Lukke til:)


lørdag 20. februar 2010

Kreativ laurdag

Ellemeller-tunikaen har sett dagens lys.
Første eksemplar er rosa og grå og sydd av stoffrestar.


For å gjere antrekket komplett sydde eg pulsvantar til.
Pulsvantar var kjekt å sy,
det endte opp med 4 ferdigklipte og 4 ferdigsydde i lekre fargar.


No har vi vinterferie og eg har lova Princess at ho skal få sy seg ein slik kjole ho òg.
Det bli kjekt det!


Lang lang hette med knute nedst.


Princess og eg har vore på Husfliden i dag
og laga makramè-armband.
*Kremt*... ho knytte mystiske knutar og eg strikka...

Princess lærde seg ein ny teknikk og eg er so stolt!
Flinke jenta!


Dette svarte og raude armbandet laga ho til meg.
Det passar meg heilt perfekt!


Dette rosa, koks og svarte armbandet er noko av det lekraste eg har sett!
Eg har prøvd å fortelje ho at det hadde passa perfekt
til den nye tunikaen min...
-men eg trur ho har vorte døv på det øyret;)


Princess laga to til seg sjølv i ettermiddag,
og eg er litt misunneleg!

Er ho ikkje flink vel?
Neste laurdag skal vi òg ut til Husfliden,
same opplegg.
Har du lyst, og bur i nærleiken, er det berre å møte opp.


Dette armbandet laga ho før ho fekk kursing i den nye teknikken,
fint det òg:)
Princess bestemte seg i dag for at ho vil melde seg inn i Husflidslaget,
og det er klart vi skal ordne det.
Det blir kjekt å ta ho med seg inn i noko som interesserer meg so mykje.

fredag 19. februar 2010

Smil til den skjulte telefonen.

I går ringde telefonen min, eg registrerte at det var eit ukjent nummer og sa:
"Hallo, det er Anita" slik eg plar når ukjende ringer til meg.


Biletet er googla

Ukjent: "Ja, eg såg deg i avisa i går, skikkeleg fin artikkel"
*ukjend stemme*

Eg: "Tusen takk" *høfleg og litt usikker*

Ukjent: "So duuu... er Pippi på heiltid du, also?"

Eg: (Tusen tankar rasar gjennom hovudet...er det ein ny journalist som ringer? Kven snakkar eg med? Er det nokon som prøver å lure meg? Kva skal eg svare?)
*ler litt forsiktig* "eeh, tja, eg er vel det... innimellom so syr eg litt òg då"

Ukjent: "Ja, skikkeleg fin artikkel" .... "So du bur i Haram, i Brattvåg?"

Eg: "jaaa" *veldig usikker no* "Eg bur i Brattvåg..."

Ukjent: "likte artikkelen veldig godt og tenkte eg skulle ta meg ein tur neste gong eg tok turen til Brattvågen"

Eg: *mållaus* "Kven pratar eg med?"
(litt sein i oppfattinga kanskje? Men eg er oppdratt til å vere høfleg)

Ukjent: "Det er XX, vi ser då, kanskje tek eg meg ein tur"
Ukjent: "Ja, for eg er åleine"

Eg: "Men det er ikkje eg"

Ukjent: *litt raskt* "men då snakkast vi seinare" "Hadet" *legg på*

Eg: ??..... Eh... *står som eit spørsmålsteikn og ser på tlf før eg bryt ut i latter*

Anten er det nokon som har drive gjøn med meg,
eller so har eg ein hemmeleg beundrar,
begge deler er vel delvis ubehageleg.
Men vi fekk oss ein god latter, heile gjengen:)

torsdag 18. februar 2010

Putekrig


For kort tid sidan hadde Emmeline give-away
og eg var so heldig å bli trekt ut blant
ThuusenmillionaaRR

(som Gullars ville sagt)
deltakarar!


Puta har kome vel i havn,
de vil ikkje tru kva tape-teknikk ho har brukt
;)
Ho har sikra arbeidsplassane til 3,
kanskje 5 ansatte på tapefabrikken
og muligens 2 på plastposefabrikken.
Eg sat innesnurra i
brun pakketape
og plast
med eit stort glis i andletetet
då denne lekre puta openbara seg.

So var det tid for putekrig,
kven er det heldige møbelet som skal få lov til å smykke seg med vidunderet?


Skal den ligge i godstolen til kjæresten?


I senga?


I gyngestolen?



Eller nysofaen?
... ehm... forresten, nei!
Her passa den ikkje i det heile tatt.
Stakkars puta.

Her i heimen er vi so kreative for tida,
Stovegolvet er fullt av arbeid.

Kjæresten var litt bekymra for at han ville ende opp som
ein McCheeseburger, godt innepakka i mønsterarket mitt.
Tss...
Kvar skulle då evt osten kome frå?
Månen?

-Svisj, tilbake til ellemellertunikasying.

onsdag 17. februar 2010

Eg, ein annleis bloggar?

Nytt I uka har skrive om meg denne veka.
Ein fin artikkel der reportaren har skrive korleis han oppfattar meg som bloggar.
Eg må innrømme at det er litt rart å lese.
Kanskje av di eg då skjønar at folk gjer seg opp ei meining om meg,
utan å kjenne meg?

Det er litt skummelt:)


Har du lyst å lese? Klikk på biletet.

Biletet blei veldig stilig! Dette er meg!
Det er forøvrig kjæresten som har knipsa det, arme mannen..

I artikkelen står det at eg brått blei råka av trong til å hoppe i senga.
Fantastisk språk! :)


So har eg kome til å sy ei Ellemeller-jakke til.
Sær og kul fargekombinasjon, eg har verkeleg kost meg.
Håper du blir nøgd, snuppa!


Sidan modellen bor på austlandet
so må arbeidsstolen gjere nytte som "nøgd dame med lilla jakke på".


Eg håper eg kan få tilsendt bilete med den rette dama inni.

Det er rett so triveleg å gå i butikken for tida,
folk stoppar og pratar, skryt av avisinnlegg, bloggen og bileta.
Eg har ikkje skrive autograf enno ;) , men det er kanskje like greit.

Positiv merksemd på det eg driv med gir energi og skaparlyst.
Tusen takk til alle som er innom og les
og til alle de som kjem med positive tilbakemeldingar.

Eg er audmjuk og takksam!!

tirsdag 16. februar 2010

Tid til alt?

Midt i den kreative usprekkelege bobla mi
har eg ikkje so mykje tid til hus, heim og interiør.



Eg syr, syr og syr.

Sa eg at eg syr?

Og ser litt på sport.
I tillegg surfar eg litt rundt etter isnpirasjon.
Skrekk og gru,
eg har byrja å tenke på andre fargar enn kvitt.
I og med at eg har litt raudt i alle rom
so er det begrensa kva andre fargar eg kan putte inn.
Rosa og suppe-romlemantisk, kanskje?

Hysj! Ikkje sei det til kjæresten!!


Skjenken fekk eg då far min døydde.
Den blomstra under målingsstrøka og er heilt perfekt der den står.
Spisestovebordet fekk eg av lillebror (som er ein halvmeter høgare enn meg)
og eg trur han angra litt då han såg at det gjekk an å gjere noko med det...
Stolane har kome langveisfarande frå Sverige, Hareid og Finnskogen.
Lampa har vore Farmor si
og klokka kjem frå eit dødsbu der dei skulle kaste mykje.


Hjørneskåpa kjøpte eg i Molde, dei er eigentleg einegga tvillingar.

Alt har fått måling med kjærleg og litt utålmodig hand.
Sjølv om eg har lyst på litt fargeforandring, so vegrar eg meg.
Det er so grusomt keisamt å måle!
Vi får vente til sommaren, kanskje kjem lysta med finevèret.

Kjøkkenet skal jo faktisk gjennom ei lita forandring...

mandag 15. februar 2010

Eg treng hjelp.

Ein gong for lenge sidan, lenge før eg fekk blogg,
susa eg rundt og googla.
Stadig vekk.
Då kom eg over denne kjolen hjå ei superflink dame
som eg sjølvsagt ikkje hugsar namnet på.

Eg skreiv ein kommentar på denne bloggen
og sa at eg kom til å halde pusten heilt til ho fortalde meg kvar ho hadde funne oppskrifta.

Dette er sikkert over eit år sidan og no byrjar eg å bli desperat etter å trekke pusten igjen:)
Det eg ikkje tenkte på var at bloggarar ikkje registrerar kommentarar på gamle innlegg,
so denne dama veit faktisk ingenting om mi sjølvpining i påvente av eit svar.

Men no spør eg dykk, er det nokon som veit kvar eg får denne oppskrifta?
Eg MÅ ha den!
Kjolen er so lekker!!
Kanskje er det nettopp du som har strikka den?
Eg ber på mine kne.

Oppdatering:
Eg skal få låne mønsteret av ChatrinesLiving,
tusen takk,
du er ein knupp!!
No kan eg endeleg trekke pusten igjen;)


lørdag 13. februar 2010

Eg skal berre...


"Eg stikk berre ein liten tur ut eg,
blir sikkert ikkje vekke meir enn ein halvtime!"
Sa eg.



3.5 timar, eit strikkekafèbesøk på Husflidsutsalet,
eit kafèbesøk saman med Mellomste,
2 liter mjølk, nokre egg
og mykje skravling etter var eg heime igjen.
Kjæresten løfta ikkje eit augebryn ein gong...
hm...
Anten synes han det er godt å vere åleine ei stund
eller so er han blitt van med sunmørshalvtimen.

Eg har levert lavendelhjarte på Husflidsutsalet i Storgata 47,
der heng dei i vindauget saman med mykje anna fint.
Det er mange flinke i kommuna her also!
Eg har nettopp meldt meg inn og kjenner ingen av damene frå før.
Eigentleg so er det litt skummelt...
Men eg fekk det bevist i dag at Husflidsdamer ikkje er skumle,
dei er faktisk berre hyggelege:)

-Dansa med ei lita vikingjente fekk eg gjort også,
so no er vekas trim unnagjort!

Ha ein strålande laurdag,
eg skal til ei venninne og ete kalkun i kveld!!
Nammis!

fredag 12. februar 2010

Svarte bananer... eh... hjarte!


Pling! Sa det inne i hovudet mitt:)
-igjen-


Kvifor ikkje lage svarte hjarte òg?

Dei vil passe perfekt heime hjå meg iallfall,
svarte blondehjarte med deilig duft av lavendel.

Samtale mellom Mellomste-søs og meg:

Eg: " Hovudet mitt er so fullt av idèar for tida,
eg veit ikkje kor eg skal starte.
Når eg legg meg om kvelden
og let att augene so ser eg perler og blondar
og kjenner lukta av lavendel...."

Mellomste: *knusktørt* "... travelt...
Det er no greiast å berre sjå mørket når ein legg seg..."
:)

Eg skjønar at eg er ekstremt heldig,
eg har planar, idèar, prosjekt og tid til å gjere noko med det.

Det å vere kreativ er ei gåve,
eg har berre ikkje sett det på den måten før.





torsdag 11. februar 2010

Svisj innom ein liten tur!


Eg har vore so heldig å få lov til å lage ellemeller-jakke
til ei dame her inne.
Ho ville ha kvite detaljar
og ellers heilt lik den rosa eg sydde før jul.


Eg håper den vil falle i smak,
den er i lufta ein eller annan stad mellom henne og meg
og vil mest sannsynleg vere framme i morgon.


I tillegg har eg sydd ei lang ellemeller-jakke i svart og rosa
til ei venninne og den har eg faktisk gløymt å ta bilete av...
Makan!
Kjære I-M, vil du vere snill og sende meg eit fint bilete av deg og jakka? :)
Håpar den blei slik du hadde tenkt deg!

På tysdag var eg kjendis og fekk mange hyggelege tilbakemeldingar,
i dag tidleg kjende eg meg som ein c-kjendis...
Heilt til gratis-avisa "Nytt i Uka" ringde og ville ha intervju!
Kva blir det neste?

*knegg*

Oprah?

Eg er klar, må berre finpusse engelsken først!